Hopp til innhold

Sluttar i protest: – Forbundet tek ikkje doping på alvor

Ho kravde dopingtestar på trening, men vart ikkje høyrt. No sluttar antidopingansvarleg i Kroppsbygger- og Fitnessforbundet i protest.

Aslaug Lia Pettersen

Sjå reportasje.

– Eg føler at dopingproblematikken ikkje vert teke alvorleg nok i forbundet. Eg har kjent på motstand. Eg har fått motstand på at eg helst ikkje skal uttale meg for høgt om antidoping, seier Aslaug Lia Pettersen til NRK.

Aslaug Lia Pettersen

Aslaug Lia Pettersen har teke både EM og VM-gull i atletisk fitness.

Foto: Treningsforum.no

Ho kan vise til gull i både EM og VM i atletisk fitness. Men det er ikkje berre som idrettsutøvar ho har kjempa.

Det siste året har ho sete i styret i Kroppsbygger- og Fitnessforbundet der ho har hatt ansvar for antidopingarbeid.

No tek styremedlemmen frå Vegårshei eit oppgjer med dopingkulturen i sitt eige forbund og trekk seg frå styrevervet.

Kravde testing på trening

Ho har mellom anna kravd dopingtesting også under trening slik Antidoping Norge ynskjer. Men ho har ikkje blitt høyrt. Det tek ho konsekvensen av no.

– Haldninga i miljøet no, slik eg har inntrykk av, er at ein ikkje vil ha testing utanfor konkurranse, seier ho.

Kroppsbygger- og Fitnessforbundet skriv til NRK at dei er overraska over at Pettersen vel å trekkje seg. Dei skriv også at «det er utretta mykje på kort tid på dette området. Men at utvida dopingtestar er eit økonomisk spørsmål».

Halvor Byfuglien

Halvor H. Byfuglien er kommunikasjonsleiar i Antidoping Norge.

Foto: NRK

Halvor H. Byfuglien er kommunikasjonsleiar i Antidoping Norge. Han meiner det er synd at Lia Pettersen no gir seg.

– Vi opplevde at det var eit ynskje om å gjere ein skilnad og utvikle eit samarbeid, seier han.

– Orkar ikkje meir

Han seier testing på trening er heilt naudsynt for å avsløre juksarane.

– Det er ein heilt nøydd til om ein skal ha eit effektivt antidopingarbeid. Testing både i og utanfor konkurranse, seier han.

Lia Pettersen er klar på at ho er ferdig i styret slik situasjonen er akkurat no.

– No når Antidoping Norge har teke kontakt og testar gratis både i 2015 og 2016 og er villige til å sjå på løysingar om eit samarbeid vidare, og det ikkje vert gjort noko, då orkar eg ikkje meir, seier ho.

Aslaug Lia Pettersen

Aslaug Lia Pettersen kan vise til fleire internasjonale titlar i atletisk fitness.

Foto: Leif Dalen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %