Hopp til innhold

Anbefalar eitt hovudsjukehus

Sjukehusdirektør Jan Roger Olsen anbefalar tre sjukehus med eitt hovudsjukehus i landsdelen i framtida.

Jan Roger Olsen

Sjukehusdirektøren anbefalar eitt hovudsjukehus på Sørlandet i framtida.

Foto: Svein Sundsdal

Sjukehuset i Kristiansand skal vere hovudsjukehuset. Det går fram i innstillinga hans til styret i Sørlandet sykehus.

Det går førebels ikkje fram kva funksjonar sjukehusa i Arendal og Flekkefjord skal ha.

– Eg meiner at ein modell med tre sjukehus i Agder vil kunne ta opp i seg dei endringane som kjem i den nasjonale planen, seier sjukehusdirektør Jan Roger Olsen i ei pressemelding.

Olsen skriv i innstillinga at dersom ein skal ha økonomisk bærekraft og utvikle tilbodet, må mest mogleg av vakt- og beredskapsordnigar samlast.

Den framtidige sjukehusstrukturen skal behandlast på styremøte i Sørlandet sykehus i neste veke.

Direktøren meiner det er naudsynt med betydelege omleggingar for å utvikle eit godt sjukehustilbod i åra som kjem.

– Ei hovudretning

– Vi står føre store utfordringar i Sørlandet sykehus. Drifta slik vi kjenner den i dag kan ikkje halde fram. Lang fleire og stadig eldre pasientar skal ha behandling. Vi har aukande utfordringar med å rekruttere spesialistar, seier Olsen.

– Sørlandet sykehus skal halde tritt med medisinskfagleg utvikling og høgare krav til kvalitet. Alt dette er gjort greie for, vurdert og analysert grundig i Utviklingsplan 2030. Eg meiner planen gjer grunnlag for å peike ut ei hovudretning for korleis sjukehuset bør endrast i åra som kjem, seier sjukehusdirektøren.

Opprettheld hjartesenter i Arendal

Tilsette ved sjukehuset i Arendal har frykta at PCI-senteret, eller hjartesenteret, skulle bli lagt ned.

Men direktøren går no inn for å behalde senteret i Arendal.

– Med arbeidet som er gjort med Utviklingsplan 2030 er vi eit godt stykke på veg til å omstille oss til dei utfordringane vi ser komme. Dette er ein milepæl i vidareutvikling av eit godt sjukehustilbod på Sørlandet, seier Olsen.

Til hausten skal regjeringa leggje fram sin nasjonale helse- og sjukehusplan. Olsen påpeikar at styret kan behandle ein endeleg og detaljert utviklingsplan 2030 etter at dette er lagt fram.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %