Før oppgjeret på Levermyr stadion var det Amazon Grimstad som låg på kvalifiseringsplass. Men Sandviken låg berre eitt poeng over på trygg grunn.
Sørlendingane har den beste formkurva av dei to laga. Laget har nemleg sikra fire poeng på dei to siste kampane.
Sandviken frå Bergen står med tre strake tap i Toppserien.