Hopp til innhold

Aktor vil ha fengselsstraff

Aktor Arne Kjønstad meiner den tiltalte Valle-presten har låg truverdighet og la ned påstand om 30 dagars fengsel.

Arne Kjønås

VIL HA FENGSEL: Aktor Arne Kjønås vil at Valle-presten skal dømmast til fengselstraff.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Skare bør dømmast til 30 dagars ubetinga fengsel. I tillegg bør han betale sakskostnadene, seier aktor Arne Kjønstad

I samband med kniv-episoden, der ein kniv vart funnen i nakkestøtta, gjennom eit bilete av han sjølv, stiller aktor spørsmålsteikn.

– Han sa i går at han ikkje hugsar om han tok på kniven. Men han hugsar å ha teke på arket. Det er påfallande, seier han.

Straffeskjerpande

Aktor meiner Valle-presten bør dømmast for både bilulykka og knivepisoden.

– Han bør dømmast for begge forhold, og for falsk forklaring, seier aktor.

– Det er straffeskjerpande at tiltalte har misbrukt offentleg midlar for å setje i gang omfattande politietterforsking. Han har i tillegg kasta mistanke over på fleire namngitte personar, seier Kjønstad.

– Skare har låg truverdighet. Han laug til politiet då han tipsa Setesdølen om kniv-episoden. Han har holdt tilbake opplsyningar i saka, som han måtte forstå at var viktige i saka, sa aktor Arne Kjøstad i prosedyra si i dag.

Aktor la fram to aktuelle motiv.

MEIR OM SAKA:
Valle-presten på ulykkesstaden (Sjå video)
Prest hevdar prest ville ta han
Forsvarar: - Katastrofe for presten
- Angrar på at eg var så eplekjekk
Valle-prest hadde våpen i kofferten

– Som Dag Hovden (politiførstebetjent) sa i går danna han seg eit bilete av at Skare ikkje følte at han strakk til i jobben som prest. Han tok på seg for store sko, sa Kjønstad.

Vanskeleg å vere Valle-prest

– I tillegg var den tidlegare Valle-presten, som Skare tok over etter, inne på at det var vanskeleg å jobbe som prest i Valle, spesielt i starten.

– Den tidlegare presten var godt likt her i Valle, og det var vanskeleg for Skare å ta over for han. Det kan vere eit motiv, sa aktor.

I går sa Skare at han ikkje var ute ettermeksemd.

– Denne saka har vekt stor merksemd i media, og Skare har vore ein del av det, sa han.

– Kutta bremseslangane sjølv

I tillegg la aktor vekt på at presten budde seg på at noko kunne skje då han var på veg til gravferd den 6. juni då han køyrde av vegen. Fleire bremseslangar var då kutta.

– Han køyrde ei halv mil utan å sjå lys som indikerte feil på bremsa.

– Ein normal person ville ha vore på tuppa om det hadde knirka i døra under omstenda som han har beskrive i denne saka, seier aktor.

– Han har sjølv sagt at han har lite teknisk innsikt. Difor klipte han over bremseslangane slik politiet trur han gjorde, sa Kjøstad.

Merkeleg ulukke

– Det er heller ingen bremsespor på staden der oppe. Han seier han hugsar lite frå då han trykte inn bremsen som gjekk rett i golvet. Det var eitt bremsespor, men det har komme til etter hendinga.

Aktor reagerer også omstenda rundt ulykka då politiet kom fram til ulykkesstaden.

– Måten tiltalte vart funnen på var merkeleg. Han vart funnen delvis under bilen. Politiet har også forklart at dei tykte heile ulykka var merkeleg, med små skader på bil og små synlege skader på Skare.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %