Hopp til innhold

Valle-prest hadde våpen i kofferten

Valle-presten, Arne Skare, erkjente ikkje straffskuld då rettsaka mot han starta i kommunestyresalen i Valle i dag.

Arne Skare, Sveinung Søndervik Johnsen

FORKLARAR SEG: Valle-presten Arne Skare (t.h) forklarar seg. Til vesntre forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Valle-presten er tiltalt for falsk forklaring. Skare er opprinneleg frå Kirkenes, men har sidan 2007 jobba i Valle.

Det heile starta våren 2008 då Valle-presten mottok eit brev, der innhaldet var dyppa i parafin. Brevet skal ha inneholdt ein trugsel mot presten. Ein månad seinare mottok han eit nytt brev.

– Breva var stillingsannonser dyppa i parafin og ein bibeltekst der det stod "de ugudelige skal brennes som halm". Vi (familien) vart alvorleg skremde og var redde, sa Skare då han starta si forklaring i dag.

Hadde sjølvforsvarsvåpen

– Det tok tre fire veker før vi fekk sikra prestegarden med lys rundt heile garden, brannalarm og tjuverialarm. Fram til det gjekk eg vakter om natta. Vi brukte baby-call som lydsensor og fekk på den måten vite om det kom folk til prestegarden. I tillegg parkerte eg bilen på ulike stader for ikkje å gjere det tydeleg når eg var heime. Det var ikkje noko god tid for familen. Vi var nedslitt og redde, sa Skare.

Både presten og kona hadde fått valdsalarm av politiet.

– I tillegg hadde eg eit sjølvforsvarsvåpen. Eit trevåpen, som eg kunne ta imot slag med og avvæpne folk med. Dette hadde eg i kofferten min, sa han.

Min stil som prest er kanskje ikkje påverka av bedehus-stil. I eit av breva stod det blant anna "du er ikke av kristenfolket", forklarte han.

Det forklarar presten med fortida hans, som kanskje ikkje er som alle andre prestar si fortid. Han fortalde om ei ungdomstid med alkohol og fyll.

– Som ein person utan røter til bedehuskultur i barne- og ungdomstid kan dette vere medverkande, sa han.

– Eg var stadig hos politiet og forklarte alt. Også mykje rart. Eg var nok prega av desperasjon, sa Skare.

Nytt brev

Seinare mottok han endå eit brev, som blant anna inneheldt ei musematte. I tillegg stod det eit telefonnummer på baksida.

– Både dette og dei to første breva undersøkte eg nøye. Eg ville finne ut kva dette var for noko. Eg såg samanheng med brann-trugselen. Eg trudde at det var over, fram til dette brevet kom, men det var det ikkje, sa han.

Seinare fann han ein kniv køyrt inn i nakkestøtta på bilen. Kniven gjekk gjennom eit bilete av han sjølv. Det vart seinare funne DNA som stammar frå presten på kniven.

Trusler mot sognepresten i Bykle og Valle

TRUGSEL: Denne kniven fann presten i bilen sin.

Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen

– Vart sjokkert

– Eg starta bilen og skulle til å rygge bakover. Då såg eg kniven i nakkestøtta. Eg var sjokkert. Eg var nysjerrig, kanskje naiv. Eg ville finne ut kva dette kvar og studerte det nøye. Eg klarar ikkje å hugse om eg tok på kniven, men eg kan ha komme borti den då eg rygga. Eg tok på papiret, som kniven stod gjennom og lukta på papiret. Det er riktig, sa Skare.

– Eg kontakt med politiet straks. Etter det tok eg kontakt med to journalistar. Den eine journalisten, som eg fekk tak i var på plass før politiet. Sidan det er lov å tipse pressa anonymt trudde eg ikkje politiet hadde krav på å vite kven som hadde tipsa om episoden. Difor sa eg at eg trudde det var tipsa anonymt, forklarte han.

– Seinare fortalde eg at det var eg som hadde tipsa journalisten. Eg fekk ikkje inntrykk av at det var noko problem då, sa han.

Saka eksploderte raskt i media etter kniv-episoden. Dette førte til at fleire hundre innbyggjarar i Valle samla seg til ein støttemarsj for presten sin.

– Eg begynte å svare på førespurnader frå pressa. Det var jo heile verda som ringte. Støttemarsjen var veldig rørande, seier han.

Demonstrasjon i Valle

MARSJERTE: Fleire hundre menneske møtte opp til ein støttemarsj for presten sin i Valle.

Foto: Odd Rømteland / NRK

BAKGRUNN: Tiltalt for falsk forklaring

Trafikkulykke

I juni vart presten utsett for ei trafikkulukke då fleire bremseslangar på bilen hans var kutta av. I tillegg var seks leidningar til ABS og antispinnkontroll kutta av.

– Dagen før bytte eg om på dekka på grunn av at dei var ulikt slitt. Etterpå vaska eg bilen med ein voks som måtte tørke før eg kunne køyre, sa han.

– På ulykkesdagen var eg litt nerøvs, sidan det var den første etter gudstenesta knivtrugselen. Eg gjorde meg klar til ein eventuell konfrontasjon ved kyrkja.

– Eg reagerte på at bremselyset lyste og deretter sløkte. Eg kan ikkje hugse om det var andre lys, som lyste, sa presten.

Slo seg

– Etterkvart la eg merke til at fleire lys lyste. Eg peila meg ut ein stad eg kunne stoppe for å undersøkje. Eg avpassa farta, men eg var nok ikkje i 80 då eg trykte inn bremsen. Men eg fann då ut at eg ikkje hadde bremsekraft. Derifrå og ut er det uklart kva som skjedde. Eg fekk panikk.

– Eg trur eg heldt fram med svingen eg hadde bestemt meg for å gjere. Det var sjølvsagt feil, eg børde ha fortsatt fram til eg stoppa. Når eg trekte i handbrekket veit eg ikkje. Eg er ikkje sikker på når eg slo meg i hovudet. Alt er veldig uklart. Eg fekk ein kraftig sleng på hovudet i det eg svinga hardt.

– I det eg trykte inn bremsen tenkte eg at no har han slått til igjen. Familien min var aleine, og eg var fryktleg redd. Eg var oppe i skogen og prøvde å gøyme meg. Det siste eg får med meg er at eg sette meg ned ved sidan av bilen. Så hugsar eg ikkje meir, forklarte han.

Avkuttet bremseslange

AVKUTTA: Tre bremseslangar var avkutta på bilen til Valle-presten.

Foto: Setesdølen

Uro og angst

Presten vart funne delvis liggjande under bilen då politiet kom til staden. Han framstod som omtåka og vart sikta for påverka køyring på staden. Seinare viste det seg at presten ikkje hadde ulovlege stoff i kroppen.

– Eg hadde gått gjennom eit heilt år med uro og angst. Eg var klar for at noko kunne skje den dagen, sa han om kvifor han reagerte som han gjorde.

Presten pådrog seg eit skrubbsår og ein kul i panna etter ulykka.

– I ettertid er eg usikker på korleis eg pådrog meg det, seier han.

– Eg brukte nokre dagar der eg prøvde å komme meg. Etter denne episoden gjekk det mange rykter og pressa var tett på. Fædrelandsvennen gjekk bokstaveleg talt å jakta på meg. Vårt Land ringde. Forøvrig ringde stort sett alt anna, men eg avviste alle saman. Dette var før avhøyret, der dei sa eg var mistenkt, sa han.

Etter at Skare fekk status som mistenkt reiste familien frå Valle .

– Vi var redde. Det var ingen som trudde oss, eller beskytta oss. Vi tok ungane ut av skulen og flykta til Austlandet, sa han.

– I fleire av "tokta" vi har hatt til kyrkjegarden har eg leita etter reseverenøkkelen til bilen. Den har eg ikkje funne. I tillegg hadde vi ein katt, som vi ikkje kunne ta med oss. Ut på sommaren forsvann den. Vi har leita etter den, sa presten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %