Hopp til innhold

Prest hevdar prest ville ta han

Valle-prest Arne Skare hevdar at tidlegare Valle-prest Theis Salvesen ville «ta han».

Theis Salvesen

SKULDA FOR TRUGSLAR: Valle-prest Arne Skare hevdar at tidlegare Valle-prest Theis Salvesen ville 'ta han'.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Skare hevdar at Salvesen skal ha komme med trugslane i ein samtale mellom dei to. Ein samtale som aldri har funne stad, meiner Salvesen.

LES: Lensmann: - Ulykka verka merkeleg
LES: Forsvarar: - Katastrofe for presten
BAKGRUNN: Valle-presten forklarar seg

– Det er absurd å komme i ein slik situasjon. Dette er berre tull og tøys, sa Salvesen til NRK etter at han hadde forklart seg for retten, der Valle-presten er tiltalt for falsk forklaring.

Reagerte

Skare hevdar blant anna at Salvesen skal ha sagt at han ikkje likar nordlendingar. I tillegg skal han ha blitt irritert ved fleire høve då Salvesen tok på seg oppdrag utan å spørje han først. Blant anna i samband med eit bryllaup der Skare nekta å vigsle eit par utandørs. Paret tok kontakt med Salvesen og spurte om han kunne viglse dei. Det sa han ja.

LES: Valle-prest hadde våpen i kofferten
LES: - Angrar på at eg var så eplekjekk

Ved eit anna høve fekk Salvesen spørsmål om han kunne gjennomføre ei gravferd for ein mann, som han hadde fulgt tett i mange år. Salvesen sa ja til dette, noko som fekk Skare til å reagere kraftig.

Vart skjelt ut

– Eg hadde 5-6 ubesvarte anrop på telefonen min og ein SMS med teksten «planlegger du noe her», seier han.

– Då eg ringde han opp igjen fekk eg ei overhøvling eg ikkje kan hugse å ha fått. Eg la meg flat, og sa at eg burde ha snakka med han. Eg har opplevd før at folk vil ha andre prestar, sa han.

– Han holdt på i 10-15 minutt, og eg tenkte slik bør han ikkje prate til meg. Eg nevnte episoden til prosten. Han ba meg liggje lågt, sa Salvesen.

Den tiltalte Valle-presten rista på hovudet då Salvesen forklarte seg.

Theis Salvesen var oppteken av det er vanskeleg å vere prest i Valle. Han fortalde om fleire ubehagelege opplevingar. Blant anna vart det sett ut rykter om Salvesen då han var prest i Valle. Salvesen tok då kontakt med politiet, og det roa seg.

– Har gjort det sjølv

– Det var ymse. Eg vart veldig dårleg motteke. Det var ikkje lettå komme til Valle. Vi vurderte fleire gonger å flytte, men valde å bli, sa han.

Skare er tiltalt for å stå bak drapstrugslar mot seg sjølv og for å ha kutta av bremseslangar på bilen sin, slik at han kom ut for ei trafikkulukke.

– Eg kan ikkje forstå anna enn at han har gjort dette sjølv. Det kan vere mange tøffe tak i Setesdal, men eg trur ikkje dei går fysisk til åttak slik som er tilfelle i denne saka, sa han i retten.

Politiførstebetjent Dag Hovden hadde ei rekkje samtaler med tiltalte. Ein av samtalane dreia seg om det å ta over oppgåva som prest i Valle.

– Skare sa at det var vanskeleg å overta etter Salvesen. Salvesen hadde ein solid posisjon i Valle. Han sa at det hadde vore ei konfliktfylt overtaking, sa Hovden i retten.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %