Hopp til innhold

Valle-presten på ulykkesstaden

Den tiltalte Valle-presten var tilbake på ulykkesstaden, der køyreturen enda då fleire bremseslangar var kutta på bilen.

Befaring preste-saka

BEFARING: Retten med dommar, aktor Arne Kjønstad, Forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen og den tiltalte Valle-presten Arne Skare var tilbake ved Rotemo på riksveg 9 der han køyrde av vegen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tysdag morgon var retten samla på riksveg 9 ved Rotemo i Valle, der presten laurdag 6. juni køyrde av vegen. Ein representant frå politiet, dommar, aktor, forsvarar og tiltalte var samla i ein bil for å rekonstruere episoden der presten hamna i grøfta.

– Det er vanskeleg å gjenskape episoden slik forholda er no. Det var ein annan bil og glatt føre, seier forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.

Indikasjon

Han trur ikkje rekonstruksjonen vil ha mykje å seie for utfallet av saka.

– Vi fekk ein indikasjon som vi kan samanlikne med det som har skjedd, seier han.

Tilbake i rettsalen var aktor Arne Kjønstad oppteken av korleis Valle-presten fekk ein kul og eit sår i panna etter ulukka. Politiet har tidlegare forklart at det var fleire omstende kring ulukka som var merkelege .

– Eg er usikker på om det skjedde i bilen, når eg kraup ut av bilen eller om eg pådrog meg det då eg gjekk opp i skogen etterpå. Eg hugsar lite etter at bremsene svikta, sa Skare i retten.

Video nsps_upload_2010_2_9_10_51_15_1464.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sleit heile sommaren

Han fortalde også om store plager etter ulukka.

– Heile sommaren etter ulukka sleit eg med smerter i både nakke og rygg, sa han.

Den tiltalte Valle-presten, Arne Skare, vil førebels ikkje uttale seg til pressa.

– Etter at saka er over kan de få snakke med han, seier Søndervik Johnsen.

Rettsaka held no fram med prosedyrer.

MEIR FRÅ RETTSAKA:
Forsvarar: - Katastrofe for presten
- Angrar på at eg var så eplekjekk
Valle-prest hadde våpen i kofferten

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %