Hopp til innhold

Sa ja til omstridd samanslåing – ein ny kraftgigant er «fødd»

Agder Energi og Glitre Energi slår seg saman og blir eitt av dei største kraftselskapa i landet.

Agder Energi og Glitre Energi slår seg saman

Generalforsamlinga i Agder Energi har sagt ja til samanslåing med Glitre Energi.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er ein milepæl. I dag er det endelege stempelet. No blir det fusjon og det blir spennande både for eigarar, selskapet og tilsette som har venta i lang tid. Eg har trua på at det blir veldig bra, seier Per Sverre Kvinlaug som leiar eigarkommunane sitt arbeidsutval.

– Det blir spennande. Eg vel å ta fleirtalet si avgjerd til etterretning og respekterer den. Så skal vi bidra med det vi kan for å gjere det beste ut av det, seier sirdalsordførar Jonny Liland.

Vedtaket vart gjort i ei ekstraordinær generalforsamling i Agder Energi tysdag ettermiddag.

Dermed er samanslåinga av Agder Energi og Glitre Energi i Viken eit faktum. Det er førebels ikkje klart kva det nye selskapet skal heite.

Per Sverre Kvinlaug

Per Sverre Kvinlaug har leia arbeidsgruppa for eigarkommunane i Agder Energi.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Pengar til innbyggjarane

På spørsmål om kva ein fusjon vil bety for folk flest, svarar Kvinlaug dette:

– Eg ser at kommunane er veldig dyktige på å fordele ut det dei får av utbytte på sine innbyggjarar. Det skjer gjennom teneste, skule og gode formål. Eg har trua på at kommunane vil halde fram med å gjere det, seier han.

– Eg er ikkje så positiv som Per Sverre. Men eg skal gjere det eg kan for at egdene skal få store utbytte av dette, seier Liland.

Motstandarane meiner dagens straumsituasjon gjer det fornuftig å utsetje ei samanslåing.

Agder-kommunane har vore splitta i synet på dette. Men på generalforsamlinga stemte alle ja, fordi dei var forplikta av samarbeidsreglane eigarkommunane har blitt samde om.

Jonny Liland

Jonny Liland, ordførar i Sirdal, er kritisk til fusjon.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Blir kraftgigant

Det nye slegne saman selskapet blir blant dei største kraftselskapa her i landet:

  • Det blir det tredje største nettselskapet i landet med kring 300.000 kundar
  • Den tredje største produsenten av fornybar energi
  • Den tredje største vasskraftprodusenten i landet med ein årleg middelproduksjon på kring 11 TWh.

Les også Sa ja til betent kraftsamanslåing: – Fleirtalet treng ikkje å hovere

Per Sverre Kvinlaug

Kaosmøte

Generalforsamlinga tysdag vart av den kaotiske sorten.

På eit tidspunkt var det full forvirring om generalforsamlinga faktisk hadde stemt for samanslåing eller ikkje.

Nokre påpeika at stemmeprosessen gjekk fort. Andre stilte altså spørsmål om det i det heile var teke ei avgjerd.

I tillegg oppstod det ein stor diskusjon om nei-kommunane skulle få med nei-standpunktet i protokollen etter møtet.

Sirdalsordførar Jonny Liland fremja på vegner av fleire nei-kommunar ei stemmeforklaring der motstanden vart grunna.

Dette fremja han på vegner av Hægebostad, Lyngdal, Åmli, Farsund, Flekkefjord, Sirdal, Lindesnes og Bygland, som alle er imot fusjonen.

– Vi har forsøkt å forklare kvifor vi stemmer ja når kommunane er imot. Eg føler vi er manøvrert opp i ein situasjon der vi må seie ja til noko vi er imot. Det er ei veldig dårleg kjensle, seier Liland.

Ei stemmeforklaring vart nedstemt av generalforsamlinga.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %