Hopp til innhold

Sa ja til betent kraftsamanslåing: – Fleirtalet treng ikkje å hovere

Agder Energi og Glitre Energi er eit steg nærare å bli ein kraftgigant i Noreg. Men før det skulle stemmast oppstod det full forvirring.

Per Sverre Kvinlaug

Per Sverre Kvinlaug er ordførar i Kvinesdal og samstundes leiar i eigarkommunane sitt arbeidsutval i samband med fusjon mellom Agder Energi og Glitre Energi.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Eigarane av Glitre Energi hadde allereie sagt ja til samanslåing. No har også eigarkommunane i Agder Energi sagt ja til «ekteskap» etter over to års utgreiing og arbeid.

Men det er stor usemje blant dei 25 eigarkommunane i Agder Energi.

– Fleirtalet treng ikkje å hovere, men anerkjenne mindretalet sine gode argument, sa Per Sverre Kvinlaug, som er ordførar i Kvinesdal og leiar i eigarkommunane sitt arbeidsutval, før kommunane skulle stemme.

Han viser til at det i fleire kommunar har blitt gjort vedtak med ei eller få stemmes overvekt.

– Eg skulle ynskje at vi hadde eit stort ja-fleirtal, eller eit stort nei-fleirtal. Men sånn blir det ikkje. Det er kanskje heller ikkje så rart. Dette er ei vanskeleg sak, sa Kvinlaug.

Blir blant landets største

Ei samanslåing vil gjere selskapet til eit av dei største kraftselskapa i landet.

Det blir det største nettselskapet i landet med kring 300.000 kundar.

Det blir den tredje største produsenten av fornybar energi, har Agder Energi tidlegare opplyst.

Selskapet blir også den tredje største vasskraftprodusenten i landet med ein årleg middelproduksjon på kring 11,3 TWh.

Forsøkte å utsette fusjon i siste sekund

Men den siste veka har fleire kommunar forsøkt å stoppe eller utsette fusjonsprosessen i siste liten. Det skjedde også då det skulle stemmast.

Kritikarane meiner at dagens straumsituasjon gjer det fornuftig å utsette ein fusjon.

– Vi meiner det er viktig å få greie på kva som kjem fram i straumkommisjonen, kva EU legg i kassa for å få ned straumprisen, og kva som kjem i statsbudsjettet, seier ordførar Even Tronstad Sagebakken (Ap).

Under eigarmøtet ville han legge fram eit forslag om å utsette fusjon. Dette vart avvist.

– Det vil eg ha skriftleg og grunna, sa Sagebakken.

Ville ikkje stemme

Sirdal-ordførar Johnny Liland ga klar beskjed om at Sirdal ikkje ville avgi stemme under eigarmøtet. Han ville heller møte på generalforsamling og stemme mot fusjon der.

Men også dette vart avslått og det vart vist til avtaler som var inngått på førehand, der det gjekk fram korleis prosessen skulle gå føre seg.

Sirdal stemte til slutt imot fusjon.

Kritikarane fryktar at ein fusjon vil gjere at eigarkommunane misser kontrollen over selskapet.

Dei fryktar mellom anna at endå meir grøn energi forsvinn ut av landet gjennom kraftkablane.

Også Mira Svartnes Thorsen (MDG) frå bystyret i Kristiansand tok ordet og bad om utsetting, trass i at bystyret hennar tidlegare har sagt ja. Også ho viste til at straumsituasjonen har endra seg.

– Fusjonen er betydeleg endra frå før sommaren. Det er openbert at det er fleire som ynskjer å sjå på situasjonen nærare før vi landar noko, sa ho.

Men dei kritiske stemmene tapte altså til slutt.

Even Tronstad Sagebakken

Lindesnes-ordførar Even Tronstad Sagebakken (Ap) er kritisk til fusjon mellom Agder Energi og Glitre Energi.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Difor vil dei slå saman selskapa

Tilhengarane av ein fusjon meiner det nærast er naudsynt for å kunne konkurrere med andre kraftselskap.

– Aktørane rundt oss har blitt større og sterkare. Vi er i ein marknad der storleiken betyr noko for å tilby langsiktigheit og gode kontraktar til både næringsliv og private forbrukarar. Etter mitt syn vil samanslåing gjere oss betre rusta til å produsere og distribuere energi, seier konsernsjef i Agder Energi Steffen Syvertsen.

– Dette er ikkje krinsmeisterskap eller eit nasjonalt meisterskap. Dette er eit europameisterskap og kanskje verdsmeisterskap. Vi må ta innover oss det store bilete, seier styreleiar i Agder Energi Lars Erik Torjussen.

Ordførar i Evje og Hornnes, Svein Arne Haugen, stemte for fusjon, men vedgår at det er usikkerhet.

– Vi veit ikkje kva som er best eller dårlegast. Men vi må velje og stå for valet. Sånn er det berre. Vi står overfor to gode alternativ, seier Haugen.

Svein Arne Haugen

Evje og Hornnes-ordførar Svein Arne Haugen vedgår at det er vanskeleg å vite om det er riktig å slå saman kraftselskapa eller ikkje.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Nytt selskap frå 1. januar

Fusjonen skal endeleg avgjerast under ekstraordinær generalforsamling 20. september.

Men alle er forplikta til å stemme det same, som under måndagens eigarmøte i Agder Energi.

Dermed er den ekstraordinære generalforsamlinga i praksis ein formalitet. Det er varsla at Statkraft, som også er medeigar i Agder Energi, vil stemme for fusjon.

Agder Energi opplyste på eigarmøtet at eit samanslått selskap kan vere i drift frå 1. januar 2023.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %