Den siste som har skrive ny kontrakt er kaptein Eirik Heia Pedersen. Trenar Marinko Kurtovic er godt nøgd med det.
– Vi har hatt mange middels kampar der Eirik har vore den som har gått føre i sluttminutta når mjølkesyra kjem og konsentrasjonen vert svakare. Då går Eirik i bresjen for å krige til at sigeren går i boks. Gang på gang, seier Kurtovic til klubben si nettside.
Måndag offentleggjorde klubben to viktige signaturar. Kantspelarane Sondre Paulsen og Magnus Jøndal har skrive under nye kontakter. Paulsen i to år og landslagsspelar Jøndal eitt år.
I helga signerte stortalentet Sander Simonsen ny kontrakt med serie- og cupmeisteren denne sesongen. I helga knytte Kenny Ekman seg til klubben i ytterlegare ein sesong.
I tillegg har kanspelaren David Rui skrive ei ny kontrakt på eitt år. Det er også klart at Fredrik Langeid (18) blir å finne i svart og raudt neste sesong. Langeid kjem frå Runar.
Før kvartfinalen i sluttspelet mot Runar var det berre Eirik Køpp som var under kontrakt me klubben.