– No tykkjer eg spelarane berre skal gå heim å skamme seg. Dette var elendig, seier trenar Marinko Kurtovic til NRK etter kampen.
ØIF Arendal sleit store deler av kampen med å få has på Runar.
Arendalittane møtte eit hardtkjempande Runar-lag som ikkje gav noko gratis i duellane.
I første omgang hadde ØIF store problem med å trenge gjennom eit sterkt Runar-forsvar.
– Vi er aldri på hugget i denne kampen. Det er rett og slett ikkje godt nok. Det er ein skuffa gjeng i garderoben, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.
Låg under til pause
Heller ikkje Svenn Erik Medhus kom inn i kampen i første omgang og vart sett på benken.
Vestfoldingane leia 14-13 til pause og hadde allereie då ein fot i semifinalen i sluttspelet.
I andre omgang såg ØIF Arendal ut til å slå tilbake. Keeper Svenn Erik Medhus tok igjen ansvar. Som i cupfinalen og i seriefinalen stod han fram då laget trengde han som mest.
Ti minutt før full tid var arendalittane igjen i leiinga, men det skulle ikkje vare lenge. Runar stengde buret og tvinga ØIF til å avslutte frå distanse.
Då Runar gjekk opp i tremålsleiing få minutt før slutt forstod skuffa ØIF-supportarar at semifinaleplassen rauk.
– Eg er så utruleg skuffa på supportarane og klubben sine vegne. Alle har gleda seg til sluttspelet og så ryk vi på denne måten. Dette kjem til å ta tid å fordøye, seier Kurtovic.
To titlar denne sesongen
Runar vann til slutt 23-26. Det betyr altså at ØIF Arendal er ute av sluttspelet. Runar skal spele semifinale.
Tapet betyr også at ØIF ikkje spelar Meisterliga neste sesong. Vinnaren av sluttspelet skal spele kvalifisering til den gjevaste europacupen.
Det har likevel vore ein suksessfull sesong for sørlendingane, som har vunne både serie og cup.
– Spør meg i morgon om eg er nøgd med sesongen. No er eg så skuffa at eg ikkje klarer å tenke på noko anna, seier trenaren.