Hopp til innhold

«Mirakelkvinna» tilbake med eit smell

Landslagsstjerna Heidi Løke førebudde seg på månader på sidelinja med ein alvorleg kneskade. Laurdag var ho tilbake som toppscorar for Vipers, etter plutseleg å ha blitt friskmeld.

Heidi Løke spelte ein god kamp for Vipers i meisterligaen mot ungarske FTC. Sjå vår sending med reaksjonar etter kampen.

– Det er heilt fantastisk å gå frå å nesten ligge på operasjonsbordet til å spele i dag. Det er litt kontrastar. Men eg er veldig glad det ikkje var så alvorleg som vi trudde, seier Vipers-spelar Heidi Løke til NRK.

For ei dryg veke sidan møtte ei tårevåt Heidi Løke mediene etter å ha fått den tunge beskjeden.

Ho måtte fortelje om ein skade i menisken etter ein landskamp mot Brasil. Ein skade som ville setje ho ut av spel i fleire månader. VM i Japan ville ryke.

Men allereie laurdag kveld var ho tilbake på parketten då Vipers Kristiansand opna meisterligasesongen heime mot ungarske FTC.

– Det er kjekt å ha ho med, ler Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

– Det er utruleg viktig for oss. Det er veldig deilig at ho er tilbake så raskt, seier trenaren.

Fredag vart nemleg Løke plutseleg friskmeldt, og det var klart at ho skulle få speletid i laurdagens meisterligaoppgjer. Eit mirakel kalla Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad det.

Og speletid vart det nok av.

Sjå intervju med Vipers-spelar Heidi Løke etter meisterligasigeren mot ungarske FTC.

Møtt med jubelbrus

Handball-idolet fekk den desidert høgste jubelen då spelarane vart presentert før kampen. Og i meisterligakampen var Løke tilbake i praktslag slik vi kjenner ho, der ho varta opp med dei lekraste avslutningar.

Men Løke og Vipers fekk ein dårleg start på kampen.

Laget som tok ein overraskande bronsemedalje i fjorårets meisterliga sleit med å få kontroll på det ungarske laget.

«Alt» gjekk forbi den nye Vipers-keeperen Andrea Austmo Pedersen.

Snuoperasjonen

Men 20 minutt ut i kampen vakna endeleg både Pedersen, Løke og dei andre Vipers-spelarane. Pedersen, som erstattar langtidsskadde Katrine Lunde, stoppa plutseleg nesten alt og bidrog sterkt til snuoperasjonen.

Vipers gjekk til pause med leiinga 16-11.

I andre omgang kontrollerte laget inn til siger. Vipers Kristiansand vann til slutt 31-22 og fekk med det ein pangstart i meisterligaen. Åtte av måla var signert Heidi Løke, som dermed vart Vipers sin toppscorar i oppgjeret.

– Alle testane var bra og eg har ingen smerter. Eg spelte jo heile kampen og er veldig glad eg står her og ikkje ligg heime på sofaen. Vi har fått ei fantastisk opning på meisterligaen. Det er mange som står fram i dag. Ein skikkeleg lagsiger, seier Løke.

alle dei klinsike testane viste var bra. eog eg har ingen smerter. Eg spelte jo heile heile kampen og er veldig glad eg er her og ikkje heime på sofaen. Vi har fått ei fantastisk opning. Det er mange som står fram i dag. Ein skikkeleg lagsiger.

Om 14 dagar får sørlendingane langt tøffare motstand. Då ventar franske Metz. Vipers slo nettopp Metz i bronsefinalen i meisterligaen i Budapest i mai.

Andrea Austmo Pedersen og Heidi Løke

Etter ein dårleg start på kampen stengde keeper Andrea Austmo Pedersen (t.v.) buret. Til høgre er Heidi Løke på veg i angrep etter ei ny redning av Austmo Pedersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %