Hopp til innhold

«Mi kalle han bare Mr. Yoghurt»

Dette er historia om korleis ein mann på fisketur kom på ein idé som forandra kosthaldet til ein heil nasjon.

Under ein fisketur på 50-talet kom Leif Grøsfjell på ideen som skulle revolusjonere yoghurt-produksjonen i Noreg.

Under ein fisketur på 50-talet kom Leif Grøsfjell på ideen som skulle revolusjonere yoghurt-produksjonen i Noreg.

Det er ikkje mange som veit at det var ein sørlending som sette fart på yoghurt-suksessen.

Men Leif Grøsfjell er altså mannen som har skrive seg inn i historiebøkene når det gjeld norsk meieritradisjon. Han har gjort det same for yoghurten, som Henry Ford gjorde for bilen.

– Ingen var dumme nok

Leif byrja i meieribransjen i Kristiansand på 50-talet. På den tida var masseproduksjon av yoghurt umogleg, og nærast for eit spesialhandverk å rekne.

Problemet var at yoghurten skilte seg då den kom i store tankar.

Men under ein fisketur på Helleland på 50-talet kom Grøsfjell på det geniale.

– Plutseleg kom det ein idé. Eg måtte køyre yoghurten gjennom ei sil, før eg kjølte den ned. Først pumpe den frå den varme tanken på 42 grader, så igjennom sila, så inn på ein tank for kjøling, for til slutt å tappe den.

– Kvifor var det ingen som hadde kome på det før?

– Det var vel ingen som var dumme nok.

Og på den måten var problemet løyst, og meieria produserte yoghurt i store mengder.

Leif Grøsfjell

Leif Grøsfjell, eller Mr. Yoghurt, slutta å arbeide ved Tine Meieriet i Kristiansand for 19 år sidan, men har skrive seg inn i historiebøkene for lengst.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Går under namnet Mr. Yoghurt

Tine Meieriet i Kristiansand feirar denne veka 50-årsjubileum. Bedrifta har 100 tilsetje, 350 leverandørar og produserer mjølkeprodukt av mange slag.

Grøsfjell som slutta for 19 år sidan har ein spesiell plass i meieriet.

– Leif har vore viktig, og har ei stor rolle i norsk meieritradisjon. Her på huset kallar vi han Mr. Yoghurt! Det er fordi han har dratt yoghurten frå handverk til industriell produksjon, og funne opp lure løysingar, seier Tom Midtbø Dahl hos Tine.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %