Hopp til innhold

– Vil ikkje at folk skal kome rusa til urnene

Ei lovendring gir vinmonopola rett til å halde ope på valdagen, om kommunane ønskjer det. Hittil har 75 vinmonopol landet rundt valt å ha opne dører 14. september. – Uheldig utvikling, meiner avhaldne-forkjempar.

Vinmonopolet på Alna senter på Alnabru

Per dags dato har seks vinmonopol i Agder-fylka fått ja frå si respektive kommune til å kunne halde ope på valdagen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

14. september kan du ta ein svipptur innom vinmonopolet før du går til valurnene. Dette er første gang i Noreg, etter at ei ny lovendring har trådt i kraft.

  • Sjekk di kommune nedst i saka

Vinmonopolet har sendt førespurnad til alle landets kommunar om å ha ope, der det lokale sjølvstyret må ta stilling til opningstidene. Til no har seks pol i Agder-fylka valt å halde ope på valdagen, noko som har resultert i varierte reaksjonar.

Negativt med stadig liberalisering av alkoholpolitikken

Generalsekretæren i avhaldne-organisasjonen IOGT, Hanne Cecilie Widnes, er skeptisk til den nye ordninga, fordi den viser ei negativ utvikling:

– Isolert sett så er ikkje opne pol på valdagen noko stor utfordring i seg sjølv. Det som er ei utfordring er at dette er eit skritt i ei retning av ei stadig liberalisering av alkoholpolitikken, der alkohol blir endå meir tilgjengeleg på endå fleire område i samfunnet vårt.

– Gått fullstendig ut på dato

Anders Kylland (FrP)

Anders Kylland (Frp) meiner ikkje vinmonopolet treng å vere stengt på valdagen.

Foto: Svein Sundsdal

Varaordførar i Arendal, Anders Kylland, seier at det var liten tvil då meldinga blei lagt fram for formannskapet.

– Kvifor i all verda skal vinmonopolet vere stengt på valdagen? Eg trur ikkje dette får nokre konsekvensar i forhold til verken valresultat eller andre ting som har med valet å gjere. Det er nok ei gamal regulering som hadde ei hensikt, men som har gått fullstendig ut på dato. For ei stor kommune som Arendal så vil det vere utenkjeleg å skulle halde polet stengt. Det passar ikkje inn i dagens samfunn.

Hjelpe dei som treng det

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil ikkje kombinere valdagen og ope vinmonopol.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Vinmonopolet på Brokelandsheia, i Flekkefjord, Lillesand og i Søgne er nokre av dei pola i Agder som skal halde ope på valdagen. Stortingsrepresentant for KrF Aust-Agder, Kjell Ingolf Ropstad, fryktar folk skal kome rusa til valurnene.

– Vi i KrF meiner at det å stemme ved val er ei veldig høgtidleg handling, og at det er alvorleg det ein skal gjere. Grunnen til at vi har restriktive reglar på alkohol i Noreg er at det er nokre få som diverre har utfordringar med det, og at vi andre aksepterer at vi kan ha det litt meir krevjande å få tak i alkohol for å hjelpe dei som treng det.

Urovekkande

Widnes meiner det er urovekkande at alkohol blir meir og meir sjølvsagt for nordmenn:

– Det er interessant at det skal vere så viktig for oss at alkohol er tilgjengeleg på flest mogleg dagar, òg på viktige merkedagar, og for ein del menneske òg til alle døgnets tider. Ein kan jo stille seg spørsmålet korleis dette pregar barn og unge sin forståing av kva plass alkoholen har i vår kultur, når vi vaksne ser ut til å presse på for at alkohol skal vere tilgjengeleg for oss i så mange samanhengar.

Åpne vinmonopol valdagen, 14.september 2015

Butikk

Stengt måndagar

Stengt valdagen

Arendal

Andebu

Alta

Bardufoss

Andenes

Asker

Beitostølen

Askvoll

Askøy

Brokelandsheia

Austevoll

Brumunddal

Bærum, Bekkestua

Bagn

Dokka

Bærum, Fornebu

Bjugn

Drøbak

Bærum, Kolsås

Brattvåg

Egersund

Bærum, Sandvika

Bruhagen

Evje

Bærum, Østerås

Bø i Vesterålen

Florø

Drammen, Bragernes

Båtsfjord

Gjøvik

Drammen, Strømsø

Drangedal

Grimstad

Eidsvoll

Etne

Hammerfest

Elnesvågen

Evenskjer

Holmen Senter, Asker

Elverum

Flå

Holmestrand

Farsund

Fosnavåg

Hønefoss

Fauske

Froland

Jørpeland

Flekkefjord

Frøya

Karmøy, Kopervik

Fredrikstad, Torvbyen

Gausdal

Kongsberg

Fredrikstad, Østsiden

Gjerdrum

Kristiansand Sørlandssenteret

Hvaler

Grong

Kristiansand, Lillemarkens

Jessheim

Hemsedal

Kristiansand, Vågsbygd

Kløfta (åpner 10/9)

Herøy

Kristiansund N.

Kolbotn

Hitra

Lakselv

Kolvereid

Hov

Lillesand

Lillehammer

Høyanger

Malvik

Kragerø

Inderøy

Mandal

Lillestrøm

Jevnaker

Namsos

Lørenskog

Kautokeino

Nærbø

Molde

Koppang

Odda

Nøtterøy

Korgen

Randaberg

Oslo, Aker Brygge

Kvinesdal

Rudshøgda

Oslo, Alna

Kyrksæterøra

Sandnes, Kvadrat

Oslo, Briskeby

Langevåg

Sandnes, Sentrum

Oslo, Bøler

Lom

Sarpsborg

Oslo, CC Vest

Lonevåg

Sortland

Oslo, Frogner

Luster

Steinkjer

Oslo, Grorud

Lyngen

Stokmarknes

Oslo, Grunerløkka

Lødingen

Stord

Oslo, Grønland

Løten

Storslett

Oslo, Hasle Torg

Myre

Trysil

Oslo, Holmlia

Nannestad

Tvedestrand

Oslo, Kiellands plass

Nesbyen

Vennesla

Oslo, Lambertseter

Rakkestad

Verdal

Oslo, Linderud

Rena

Vestby

Oslo, Majorstuen

Ringebu

Voss

Oslo, Manglerud

Rissa

Ørnes

Oslo, Mortensrud

Rognan

Ålgård

Oslo, Oslo City

Rødberg

Oslo, Oslo S

Rørvik

Oslo, Rosenkrantz gt.

Sandane

Oslo, Røa

Selbu

Oslo, Sandaker

Seljord

Oslo, Skøyen

Setermoen

Oslo, Steen & Strøm

Sjøvegan

Oslo, Storo

Skarnes

Oslo, Stovner

Skjervøy

Oslo, Thereses gate

Storsteinnes

Oslo, Tveita

Stranda

Oslo, Ullevål Stadion

Støren

Oslo, Vinderen

Svelvik

Røros

Sykkylven

Sandefjord

Tofte

Ski

Ulefoss

Slemmestad

Vanylven

Sola

Vardø

Stange

Vestnes

Stathelle

Vinje

Stjørdal

Vågå

Stryn

Ytre Enebakk

Strømmen

Åfjord

Sunndalsøra

Ål

Søgne

Radøy

Sørumsand

Tynset

Ølen

Ås

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %