– Eg håpar vi kan spele om gullet i alle turneringar vi deltek i, seier Lars Jakobsen til NRK.
Lars Jakobsen på måndagens trening.
Foto: Sander Heggheim/NRKRobert Markotic på trening med ØIF Arendal måndag.
Foto: Sander Heggheim/NRK– Det er mange gode lag i serien. Ligaen er hard, men er vi heldige og slepp unna skader trur eg vi har gode sjansar til å vinne alt, seier Markotic.
Måndag vart målsetningane til ØIF Arendal for denne sesongen presentert. Klubben siktar mot gull både i sluttspel og cup. I serien er målet å komme blant dei fire beste.
Difor valde han ØIF
Danske Lars Jakobsen spelte i Halden førre sesong og var ein svært viktig spelar for dei.
– Det er endå større interesse for handball her i Arendal og det er ein toppklubb. Det er den største skilnaden frå Halden. Det var også difor eg bytte klubb då eg fekk tilbodet, seier han.
Då Robert Markotic skreiv under for ØIF Arendal i vår, sa mellom andre kantspelar Sondre Paulsen, at han var for god for norsk eliteserie.
Markotic har mellom anna erfaring frå Meisterligaen og toppdivisjonen i Frankrike.
Sjå intervju med Lars Jakobsen.
Markotic: – Ein ny start
Markotic pådrog seg ein alvorleg skulderskade i fjor. Etter operasjon og rehabilitering i ni månader er han no klar for å hjelpe ØIF Arendal i medaljekampen.
– Det blir som ein ny start for meg. ØIF er ein veldig god klubb. Eg er glad eg kom hit, seier Markotic.
I helga fortalde trenar Marinko Kurtovic om sine forventningar til duoen.
ØIF-trenar Marinko Kurtovic.
Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix– Robert har noko som Marcus Dahlin ikkje hadde. Han samarbeider betre med strekspelar, har eit fantastisk skot. Han er ein komplett spelar, sa Kurtovic.
– Lars er også ein komplett spelar som nesten er to meter lang. Han kan lage mål frå 11–12 meter, er veldig eksplosiv og rask. Han er farleg i alle posisjonar på bana, sa ØIF-trenaren.
Sesongopnar onsdag
At ØIF Arendal vann både serie og cup førre sesong gjorde det lettare å seie ja då kontraktstilbodet kom på bordet.
– Kompisen min Josip Vidovic, som spelar i klubben, har sagt mykje bra om den. Eg høyrte at klubben har gode moglegheiter i framtida, seier Markotic.
Onsdag opnar ØIF Arendal sesongen med heimekamp mot Stord. ØIF har mange på skadelista, men reknar med at dei fleste er klar til serieopninga.
– Eg føler vi har ein brei og god tropp som kan vinne gull, seier Jakobsen.
Sjå intervju med Robert Markotic.