Hopp til innhold

– Vegen blir farlegare og farlegare

Tidlegare stortingspolitikar Anne Margrethe Larsen (V), skal telje trailarar på E39 i 24 timar. Ho er uroa over at det stadig vert fleire trailarar mellom Stavanger og Kristiansand. – Eg ser oftare livsfarlege forbikøyringar på grunn av fleire trailarar på vegen, seier ho.

Video 53abd66c-2971-4160-9789-3bddbbaa8484.jpg

I pøsande regnvêr sit Anne Margrethe Larsen under eit telt i vegkanten på E39 utanfor Flekkefjord og tel trailarar. Det skal ho gjere i 24 timar.

Anne Margrethe Larsen

STATISTIKK: Anne Margrethe Larsen i full gang med registrering av trailarar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vegen er ikkje bygd for dagens trafikk. Ein trailer klarar seg i ein kollisjon med ein personbil, det gjer ikkje den som sit i personbilen, seier Larsen til NRK.no.

I pøsande regnvêr sit ho under eit telt i vegkanten på E39 utanfor Flekkefjord. Vest-Agder Venstre sin toppkandidat registrerer kvar einaste trailer på ei liste.

Bakgrunnen er at det for kort tid sidan vart klart at to godstog vert kutta på Sørlandsbana. Det betyr 140 nye trailarar på vegen kvart einaste døgn.

– Eg køyrer her kvar dag og ser at det er store trafikkmengder. Kjem du bak ein trailer i bakkane her borte er det ikkje mogleg å køyre forbi, og då går det i 30-40. Nokre prøvar å køyre forbi. Det er livsfarleg, seier Venstre-politikaren.

– Urealistisk med firefeltsveg

I årevis har bilistar ropa på ny E39 mellom Stavanger og Kristiansand. Så langt har dei ikkje blitt høyrt, bortsett frå enkelte utbetringar på nokre kortare strekningar. Mange meiner at vegen bør ha fire felt. Men Statens vegvesen meiner det blir for dyrt å byggje fire felt fordi trafikkgrunnlaget er for lite.

– Firefelts er ei Rolls Royce-utgåve som krev mykje pengar. Så vi trur det er relativt urealistisk å satse på, sa prosjektleiar i vegvesenet, Karl Sandsmark då dei presenterte planane for ny E39 i april i år.

Under presentasjonen kom det fram at det vil koste 26 milliardar kroner å byggje firefeltsveg på heile den 19 mil lange strekninga frå Ålgård til Søgne. Anne Margrethe Larsen er ikkje einig med vegvesenet i at det er for lite trafikk til å byggje firefelts.

– Vi får jo stadig høyre at det er for lite trafikk for ein firefeltsveg. Men kva er eigentleg for lite trafikk. Vi som køyrer her dagleg ser jo at det er særs mykje trafikk, og mange trailarar som skapar farlege situasjonar i trafikken, seier ho.

Lastebilar på E39 i Flekkefjord

TRAILARAR: Stadig fleire trailarar på E39 gir fleire farlege situasjonar i trafikken, meiner Anne Margrethe Larsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Stygge forbikøyringar

Seinast i juni kom leiar i Transportkomiteen på Stortinget på bana i saka. Knut Arild Hareide (KrF) vil ha firefelts veg, men vil ha ei smalare totalutgåve, men med like breie køyrefelt for å få ned kostnadene.

– Du vil kunne køyre i 100 kilometer i timen også på ein smal firefeltsveg. Dersom du samanliknar med ein vanleg firefeltsveg har den litt større breidde og litt større avstand mellom vegbanene, sa Hareide.

– Å byggje ein smal firefelts veg gir moglegheiter for at vi byggjer ein veg for framtida, på eit område som er i vekst og der det vil vere stor trafikk dei kommande 10-åra, sa han.

NRK.no møtte fleire i Flekkefjord som er lut lei av den dårlege vegstandarden mellom Stavanger og Kristiansand.

Thomas Beck

PENGAR: Thomas Beck meiner at det fins nok av pengar i landet til å byggje firefeltsveg mellom Stavanger og Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Åse Randi Åsen

FARLEG: Åse Randi Åsen ser stadig fleire farlege forbikøyringar på E39 mellom Stavanger og Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vegen er utdatert i forhold til dagens trafikkmengd. Den bør oppgraderast til minst tre felt. Eg ser jo at folk vert hissige når dei hamnar bak trailarar. Ein blir utålmodig og køyrer forbi på dei svingete vegane, seier Thomas Beck.

– Nok av pengar

Sørlendingen likar dårleg at det blir endå fleire trailarar på vegane når to godstog blir kutta på Sørlandsbana.

– Det vil bli endå fleire farlege situasjonar. Dette aukar behovet for minst ein trefeltsveg. Men det er vel snakk om pengar som vanleg. Ein bør investere skikkeleg. Norge har iallefall nok med pengar, seier han.

Også Åse Randi Åsen er lei av å køyre på dårlege vegar.

– Det er altfor smalt for så mykje trafikk. Det er mykje forbikøyringar og farlege situasjonar tykkjer eg. Når det er mykje regn får du sprut frå trailarane heilt innpå deg. Du vert jo heilt blenda. Eg kan ikkje fatte at vegane skal vere så dårlege her i landet, seier Åsen.

Anne Margrethe Larsen starta teljingane klokka ti tysdag føremiddag. Under teltet sitt skal ho sitje fram til klokka ti onsdag føremiddag. I eit øsepøsande regnvêr har ho utstyrt seg godt.

– Eg har budd meg godt i forhold til å ha med meg kaffi, sovepose, skjerf og vottar. Men eg må nok kanskje inn i bilen i løpet av kvelden dersom det vert kaldt. Men det skal gå greit å telje derifrå, seier ho.

Bilkø på E39 ved Flekkefjord

KØ: Slike køar er eit vanleg syn på E39. Trailer først, så ei rekkje med personbilar. - Dette skapar livsfarlege situasjonar, seier Åse Randi Åsen som er mykje på vegen mellom Stavanger og Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil halde ut natta

Saka er så viktig for Larsen at ho er fast bestemt på å halde ut gjennom natta.

– Vi må ha fleire trailarar over på tog og havn. Eg vart uroa då eg høyrde meldinga om at det vert kutta to godstog på Sørlandsbana. Det er ikkje det vi ynskjer i framtida. Dette er viktige miljøpoeng og det er viktig sikkerheit for deg og meg å få bort trailarane, seier ho.

– Vegen her er livsnerva gjennom Vest-Agder med mange trailarar frå Vestlandet og frå utlandet. Det er ein kolossal trafikktettleik her, seier ho.

Dei første timane talde den tidlegare stortingspolitikaren mellom 60 og 80 bilar i timen.

– Mange meiner jo at trailerførekomsten på kveldane er ganske «heavy». Så det blir spennande å sjå i kveld, seier ho.

– Vegvesenet har jo sine tal, stolar du ikkje på tala dei opererer med?

– Jo, tala deira er heilt sikkert gode. Men no når vegvesenet skal planleggje ny veg seier dei at det ikkje er nok trafikk på denne vegen. Men når vi som bur her opplever at det blir stadig fleire trailarar må vi ha oppdaterte tal. Difor skal eg hjelpe vegvesenet med å få dei tala, seier ho.

Landskamp på radio

– Slik det er no er det ein risiko å køyre på denne vegen. Det er ikkje slik det skal vere. Det skal vere ein trygg veg både for meg som trafikant, for barn og alle andre trafikantar som nyttar vegen, seier Larsen som også har utstyrt seg med radio for å få med seg den viktige landskampen mellom Norge og Danmark i kveld.

– Det blir ein spennande kamp, men eg er usikker på om dei kan klare dette. Danskane er gode, smiler Larsen.

Under Dyrskuet i Lyngdal debatterte fylkestoppane i Vest-Agder blant anna vegsituasjonen. Sjå debatten her.

Anne Margrethe Larsen

TELJING: Larsen har laminert registreringslister for å halde styr på tala i regnvêret.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %