Hopp til innhold

– Trist at familien ikkje er her

I januar 2015 dreiv leivningane av ein asylsøkjar i land på Lista. Fredag vart han gravlagt i Farsund.

Levningene etter den syriske flyktningen som drev i land på Lista i fjor, ble gravlagt i Farsund i dag. Mannens identitet var lenge ukjent, før en journalist fra Dagbladet begynte egne undersøkelser. I dag fikk saken en verdig slutt.

Rundt 30 menneske møtte opp i gravferda til Shadi Omar Kataf.

Det muslimske miljøet tok i dag farvel med Shadi Omar Kataf. Lenge visste ingen kven han var.

Det var først då ein Dagbladet-journalist byrja eigne undersøkingar at identiteten til asylsøkjaren vart kjent.

Sjølv om ingen i Farsund kjente Shadi Omar Kataf møtte fleire opp for å heidre asylsøkjaren som forsøkte å svømme frå Frankrike til England, men som endte opp på Lista.

– Sterkt

Dagbladet-journalist Anders Fjellberg var den som fann ut kven Shadi Omar Kataf var, og korleis han enda opp på Lista.

– Det eg veit er at han kjøpte ei våtdrakt på ein sportsbutikk i Calais i Frankrike, og at han hadde tenkt å forsøke å svømme til England. Utover det veit vi berre at han blei funne på Lista for litt over eitt år sidan.

Han tykkjer det er trist at ikkje familien kunne vere til stades under gravferda.

– Det er sterkt. Særleg fordi ingen i familien hans har moglegheit til å kome hit. Foreldra er i Syria, og søstera er asylsøkjar i Tyskland og får ikkje lov til å reise ut.

– Godt med ei naturleg avslutning

Lensmann i Farsund, Kåre Unhammer, er glad historia fekk ei ending.

– Dette er ei sak som har vart veldig lenge, og det er godt å få ei naturleg avslutning.

Han rosar arbeidet journalisten gjorde.

– Det er gjort ein fantastisk jobb av Dagbladet-journalisten som fann ut kven han var. Eg tykkjer det var ei fin siste markering.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %