Hopp til innhold

– Svindyr straum kveler gartneri

Høge straumrekningar er i ferd med å ta livet av gartnerinæringa på Sørlandet. Årsaka er at energi-selskapa reknar pris etter den dagen dei brukar mest straum.

Strømregninger er i ferd med å ta livet av gartnerinæringa på Sørlandet. Årsaken er at Agder Energi beregner pris etter den dagen det brukes mest strøm.

VIDEO: Fleire gartnarar må begrense produksjonen om vinteren på grunn av høge straumrekningar.

– Eg held på å flytte ting ut i den andre avdelinga slik at eg kan køyre det kaldt her også. Det blir mindre verdiskaping i bransjen, seier leiar i Agder Gartnerlag, Jarle Jakobsen til NRK.

Jakobsen driv gartneri i Mandal og er ein av mange som må kutte i produksjonen om vinteren fordi det er for dyrt.

– Begrensar tapet

– Eg har brukt for 115 000 meir i energi så langt i 2013 enn på same tid i 2012, seier han.

Bakgrunnen for høg straumrekning er at energiselskapa reknar nettleia ut ifrå den dagen du brukar mest straum.

Mange har allereie lagt ned, medan andre legg om drifta for å få hjula til å gå rundt.

No er det berre dei mest robuste plantane igjen i drivhuset til Jakobsen på Aurebekk i Mandal.

– Eg har innsett at det kostar så mykje å produsere på vinterstid at eg rett og slett må begrense tapet, seier han.

Gartneri

Mange gartneri slit om vinteren på grunn av skyhøge straumrekningar.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Fekk sjokkrekning

Gullis Gartneri på Reme i Lindesnes fekk sjokk då dei fekk rekning frå Agder Energi.

Ein vinterdag i fjor kom det så mykje snø at dei måtte pøse på med varme for å smelte snøen på taket. Rekninga vart på nesten 40 000 kroner for eitt døgn.

– Når det kjem mykje snø blir det ei voldsom tyngde på drivhusa og det er fare for at dei vert øydelagde. Resultatet vart ei veldig høg straumrekning den dagen, seier Kirsti Gulli.

– Det var eit veldig sjokk. Det vart veldig mykje pengar, seier ho.

– Har sendt ut informasjon

Agder Energi sa til NRK tysdag at dei meiner at kundane er godt informert om ordninga.

– Vi informerte kundane og sa opp den gamle utrekningsmetoden eitt år før den nye vart innført. Fleire informasjonsskriv frå oss oppfordra kundane til å tenkje nøye gjennom korleis dei ville løyse energibehovet sitt i framtida, sa seniorrådgjevar Ole-Petter Halvåg i Agder Energi.

– Den førre regjeringa ville gjere kraftprisane mindre gunstig for bedriftsmarknaden, og innførte ei ny ordning som vi har fulgt, seier Halvåg.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %