Hopp til innhold

– Kjende ikkje spelarane igjen

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic kjende knapt igjen sine eigne spelarar då dei tapte mot Nøtterøy. Mot Lillestrøm søndag vil han ha revansj.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic trur på siger mot Lillestrøm.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

– Det var ein utruleg tung dag mot Nøtterøy, og måten vi tapte på gjorde det endå tyngre. Eg kjende ikkje att spelarane på nokon punkt. Alt mangla i den kampen, seier Kurtovic til NRK.

– «Attityden» mangla fullstendig. Den må tilbake for at vi skal slå Lillestrøm, seier han.

På tredjeplass

Kampen mot Nøtterøy var den første etter VM-pausen. Vestfoldklubben vann til slutt 30-21 mot arendalittane.

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen sa til NRK etter kampen at det såg ut som at spelarane framleis var på ferie.

Nokre få dagar seinare vann både Haslum og Bodø. Det gjer at ØIF er dytta ned til 3. plass på tabellen med ein kamp mindre spelt.

– Vi har snakka saman og vi har hatt ei fantastisk treningsveke og samla oss. Eg er sikker på at vi slår tilbake mot Lillestrøm, seier han.

Topp en av eliteserien i handball

Plassering/Lag

Kampar

Sigrar

Uavgjort

Tap

Mål

Poeng

1. Haslum HK

17

13

0

4

509-429

26

2. Bodø HK

17

12

0

5

421-422

24

3. ØIF Arendal

16

12

0

4

428-373

24

4. Elverum

17

11

1

5

477-403

23

Vil ikkje snakke om gull

Men Kurtovic er klar på at det ikkje vert enkelt å møte tabelljumboen frå Romerike.

– Det er eit godt lag som har skapt problem for mange lag med sitt offensive forsvar. I serien og i cupen slo vi dei greit. Vi løyste det enkelt og var einige om korleis vi skulle spele, seier Kurtovic, som ikkje vil ha noko snakk om seriegull.

– Eg ser at mediene er opptekne av gull, men eg er oppteken av neste kamp, seier han.

På søndagens oppgjer mot Lillestrøm vert det truleg fulle tribunar. To av sponsorane til klubben har betalt for 2500 billettar. Det betyr gratis inngang for publikum.

– Det er imponerande at sponsorane gjer dette. Viss ikkje publikum forstår alvoret og ikkje kjem på kamp, så veit eg ikkje heilt kva som skal til. Men eg er sikker på at det vert bra trøkk mot Lillestrøm, seier trenaren.

Sør Amfi

Tribunane vert truleg fulle i søndagens oppgjer mot Lillestrøm.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %