Hopp til innhold

Gratis inngang på neste ØIF-kamp

Når ØIF Arendal møter Lillestrøm til helga kostar det ingenting å komme inn dørene.

Sør Amfi

ØIF Arendal deler ut gratisbillettar til neste heimekamp.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

To av sponsorane til klubben har betalt for 2500 billettar til eliteserieoppgjeret. Det betyr smekkfull hall.

– Det blir stinn brakke. Vi hadde nok fått mykje folk uansett, men dei to største sponsorane våre ynskjer å spandere dett på publikum som var med på å heie i cupfinalen, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

ØIF Arendal slo Bodø i cupfinalen i desember med over sørlendingar på tribuna i Oslo spektrum.

Først til mølla

Det er Sparebanken Sør og Norac/Adax som opnar pengeboka og betalar for alle som vil sjå kampen.

– Det er først til mølla. Vi skal sørge for at dei som har sesongkort kjem inn, men dei må nok vere i hallen ein halvtime før kampstart, seier han.

Serieleiar ØIF Arendal fekk ein tøff start på vårsesongen då dei tapte borte mot Nøtterøy søndag. Etter kampen sa Michelsen at det såg ut som at ein del spelarar framleis var på ferie.

No håpar han at laget løftar seg og slår tilbake mot Lillestrøm.

Drøymer om gull

– Det var kanskje litt stygt å seie at dei var på ferie, men det var ingen god kamp. Vi kan ikkje leve med to slike kampar på rad, seier han.

Michelsen meiner at Lillestrøm må slåast dersom klubben skal halde liv i gulldraumen. No håpar han på hjelp frå publikum.

– Det har vist seg å spele ei viktig rolle tidlegare. Vi har eit veldig entusiastisk publikum. På gode dagar er det ingen som overgår dei i Norge, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %