Hopp til innhold

– Har for lite kunnskap om sikkerheit

For mange kajakkpadlarar på sjøen har for lite kunnskap om sikkerheit. Det meiner Roger Mortensen som er leiar i havgruppa i Kristiansand Kajakklubb.

Kenneth Møller og Roger Mortensen Kristiansand Kajakklubb

Roger Mortensen (t.h.) meiner mange padlarar har for dårleg kunnskap om sikkerheit.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Han trur at mange kajakkpadlarar har sikkerheitsutstyr med seg i kajakken når dei legg ut på tur.

– Eg trur mange sikkerheitspakkar vert selde utan at kunden eigentleg ikkje har kunnskap om korleis det fungerer. Mange har nok ikkje øvd på å bruke det heller, seier Mortensen til NRK.

Han fryktar at dårleg kunnskap om korleis ein skal komme seg opp i kajakken igjen ved ei kantring, kan få alvorlege konsekvensar.

Samanliknar med skiturar i fjellet

– Du kan samanlikne det med å gå på ski i fjellet. Du har kjøpt skredsøkar og spade. Det hadde ikkje hjulpe meg. Eg er ikkje bevandra på ski og hadde ikkje følt meg trygg, seier han.

– Det kan kanskje gje ein falsk tryggleik om du kjøper sikkerheitspakke til kajakken, som du eigentleg ikkje veit korleis du skal bruke, seier Mortensen.

Pelle Boie er butikksjef ved Padleeksperten i Arendal. Han har tidlegare selt kajakkar i Bergen og merkar stor skilnad på sørlendingar og vestlendingar.

– Det var mykje meir fokus på sikkerheit påg Vestlandet enn på Sørlandet. Det var meir fokus på å gå på kurs og lære av andre, seier han.

– Kvifor trur du det er slik?

– Det har kanskje noko med kulturen å gjere. Det er kanskje litt snillare vêr her. Folk er kanskje ikkje så vande med å komme ut i kuling og to-tre meter høge bølgjer som på Vestlandet, seier Boie.

Oppfordrar til øving

Øystein Torp jobbar på Redningsskøyta Bernt Rasmussen i Kristiansand. Dei må innimellom hjelpe kajakkpadlarar i trøbbel.

– Utfordringa kan vere viss det er litt sjø og dei skal krysse større avstandar. Då kan vere vanskeleg for enkelte fritidsbåtar å sjå dei, seier han.

Roger Mortensen ber folk trene på å komme seg opp i kajakken igjen.

– Finn ei strand, hopp ut og finn ut korleis du skal komme deg opp i igjen. Det er dumt å finne ut av når du ligg mellom to øyer i ein fjord, seier han.

padling grunnkurs

VIDEO: Sjå og lær padleteknikk.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %