Hopp til innhold

– Han er ikkje den skarpaste kniven

ØIF Arendal tergar på seg Elverum før toppoppgjeret i Hedmark. Det er spesielt ein Elverum-spelar som får passet sitt påskrive.

Andre Lindboe, Elverum

Andre Lindboe med scoring i Sør Amfi tidlegare i år.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Jostein Borkhus

Jostein Borkhus.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK
– Andre Lindboe er jo ikkje akkurat den skarpaste kniven for tida, seier sportsleg leiar i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen til NRK.

Landslagsspelar Lindboe og Elverum har variert stort i prestasjonane den siste tida og har rett og slett hatt problem med å få ballen i mål.

– Han har bomma mykje i det siste. Det kjem han nok til å gjere også mot oss, seier ØIF-keeper Svenn Erik Medhus.

Kalla ØIF for horelag

NRK har ikkje lukkast i å komme i kontakt med Lindboe, men dagleg leiar i Elverum, Jostein Borkhus, svarar slik på ØIF-kommentarane.

– Det er nok ikkje berre Andre Lindboe som har hatt ein formsvikt. Vi har hatt ei lita måltørke. Det har dei rett i. Men dette slår raskt tilbake på ØIF etter kveldens kamp, seier han.

Både Michelsen og Borkhus meiner at oppgjeret mellom Elverum og ØIF Arendal er blitt det mest prestisjefulle oppgjeret i norsk herrehandball.

Begge klubbane er heilt i toppen av serien. I tillegg er dei blant klubbane som har flest tilskodarar på kampane sine.

Klubbane har også tidlegare vore i «tottane» på kvarandre. I ein timeout for nokre år sidan kalla Elverum-spelar Lars Nordberg ØIF for eit «jævla horelag».

Seinare sa Svenn Erik Medhus: «Elverum er eit stygt lag med rare folk som seier usaklege ting. Ingen likar Elverum».

Meiner ØIF er favoritt

Michelsen meiner det er viktig med temperatur før kampane med Elverum. Denne gangen meiner han at arendalittane er favorittar.

– Å slå oss er den største skalpen dei kan ta. Vi skal spele cupfinale og kan dra ifrå i serien med siger. Elverum må eigentleg vinne for å henge med. Eg meiner vi er favorittar ut ifrå prestasjonane så langt denne sesongen, seier han.

ØIF har allereie slått Elverum to gonger denne sesongen. Ein gong i cupen og ein gong i serien. Begge kampane vart spelt i Arendal.

– No skal vi møte ØIF i vår eiga festning. Eg håpar dei har det i bakhovudet, seier Borkhus i Elverum.

ØIF Arendal toppar tabellen med 18 poeng før kampen mot Elverum. Elverum ligg på 3. plass to poeng bak ØIF. Kampen startar klokka 18 i Terningen Arena.

ØIF-jubel for cupfinale

ØIF Arendal jublar føre eigne supporterar etter å ha slått Elverum i semifinalen i cupen tidlegare i år.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %