Hopp til innhold

– Vi er blitt laget alle vil slå

ØIF Arendal har gått frå å vere utfordrar til å bli laget alle vil slå på rekordtid. Søndag kveld møter dei Bækkelaget på heimebane.

ØIF Arendal

ØIF Arendal i ein time-out i cupoppgjeret mot Elverum onsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Årsaka er at klubben toppar eliteserien og er klar for cupfinalen i desember.

Slik var det ikkje førre sesong då ØIF kjempa i botnen av tabellen.

– No byrjar motstandarane å førebu seg skikkeleg før dei møter oss. Alle lag vil slå oss når vi har gjort det så bra. Vi har ikkje råd til å sleppe oss ned, seier ØIF-spelar Sondre Paulsen til NRK.

Tenker ikkje på cupfinale

ØIF-jubel for cupfinale

ØIF-spelarane jublar saman med supportarane etter å ha sikra cupfinale.

Foto: Sander Heggheim/NRK
ØIF Arendal

Det var ville jubelscener i Sør Amfi då ØIF sikra plass i cupfinalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Onsdag sikra ØIF Arendal sin første cupfinale nokosinne då dei slo Elverum føre 2500 tilskodarar på heimebane.

– Det går fort i svingane med ny kamp berre fire dagar etter semifinalen. Vi må nullstille oss og gjere oss klare til kampen mot Bækkelaget. Det blir heilt klart ein tøff kamp, seier Paulsen.

Kantspelaren trur at spelarane har klart å legge cupsuksessen bak seg når dei tek imot Bækkelaget.

– Det er stort å komme til cupfinalen, men det er ikkje så mykje meir å seie om den. Vi kan ikkje gå rundt å tenke på den heile tida. No er det ny kamp mot Bækkelaget som tel, seier han.

Bækkelaget har variert i prestasjonane denne sesongen og kjem til Arendal med to strake tap i bagasjen. Klubben ligg på 8. plass på tabellen. Det trur ikkje Paulsen betyr noko som helst.

– Dei har mangla ein del sentrale spelarar i haust. Når dei har fullt lag er dei ein topp tre kandidat. Dei vert skumle om dei har fullt lag. Eg meiner dei har levert gode resultat trass i mange skader, seier han.

– Dritgøy, rett og slett

No håpar Paulsen at publikum, som fekk med seg semifinalen mot Elverum, også finn vegen til eliteserieoppgjeret mot Bækkelaget.

– Vi har heimebanefordel, og det skal vi utnytte, seier han.

Arendalitten legg ikkje skjul på at det er ekstra moro å vere ØIF-spelar for tida.

– Det svingar skikkeleg av cupfinale og førebels tabelltopp. Det er dritgøy rett og slett, seier han.

ØIF ARENDAL KLARE FOR FINALE

Sjå ØIF-spelarane juble for cupfinale.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %