Hopp til innhold

– Fattige vart hardast ramma

Slumområda i hovudstaden Haiti er hardt ramma av orkanen «Matthew». – Trist å sjå, seier Kjell Erik Eriksen frå Kristiansand.

Orkanen Matthew

Slumområda i hovudstaden Port-au-Prince skal vere hardt råka av orkanen «Matthew».

Foto: HECTOR RETAMAL / Afp

Saman med fire andre nordmenn jobbar sørlendingen for FN på Haiti. I nær 30 timar søkte nordmennene tilflukt i eit murhus i hovudstaden Port-au-Prince.

Kjell Erik Eriksen

Kjell Erik Eriksen jobbar for FN på Haiti.

Foto: PRIVAT

– Eg har ikkje vore redd, men eg har vore spent. Vi har veldig godt utstyr, solide bilar, eit solid hus og bur i høgda, seier Eriksen til NRK.

Han har endå ikkje sett skadeomfanget med eigne auge etter orkanen som har kravd minst 11 liv. Men han har fått opplyst at det er snakk om store skader, først og fremst på grunn av store nedbørsmengde.

– Slumområda hardast ramma

– Det bekymra meg før orkanen kom. Det er veldig stor fattigdom i landet. Dei hadde eit jordskjelv for seks år sidan og stadig naturkatastrofar. Vi veit at det er dei fattige det går utover og det har det gjort igjen, seier Eriksen.

– Her er det hovudsakleg flaum som har skapt problem. Det er slumområda som er hardast ramma. Det er sjølvsagt trist å tenke på at det er dei fattige som har fått den verste støyten igjen, seier han.

Hovudstaden vart ikkje hardast ramma. Dei sørlegaste delen som har fått størst skader etter orkanen. Han fortel om dårleg infrastruktur i landet, som no er ytterlegare svekka.

– Uvêret har øydelagt vegar som gjer hjelpearbeidet vanskeleg, seier han.

HAITI-CARIBBEAN-WEATHER-HURRICANE

Slik ser det ut i hovudstaden Port-au-Prince på Haiti.

Foto: HECTOR RETAMAL / Afp

Sikkerheitsoppdrag utsett

Skulane er stengde etter herjingane. Men det verste er over.

– Det er heilt vindstille og overskya. Det er meldt regn. Sakte men sikkert byrjar folk å komme ut. Då eg køyrde til jobb var det merkverdig lite trafikk.

Onsdag skulle Eriksen og kollegaene ha reist til ein by nord i landet for å hjelpe til med sikkerheit under presidentvalet søndag. Dette er no utsett.

– Vi ventar på kva som skal skje og om vi heller skal hjelpe til i oppryddingsarbeidet. Om det er behov er vi klar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %