Hopp til innhold

– Eit praktfullt skulebygg

Ein av landets mest moderne barneskular møter elevane ved Torridal skole i Kristiansand når dei startar eit nytt skuleår.

Barneskolen hadde så dårlig inneklima at både elever og lærere ofte gikk hjem med hodeverk. Men nå er alt nytt. Torridal i Kristiansand har fått en skole som begeistrer.

Sjå reportasje.

– Vi er veldig nøgde med heilheita både utvendig og innvendig. Det er eit praktfullt skulebygg vi har her, seier rektor Anita Ingebrigtsen til NRK.

Anita Ingebrigtsen

Rektor ved Torridal skole, Anita Ingebrigtsen.

Foto: Anne Wirsching/NRK

Den gamle skulen var nedslitt og prega av dårleg inneklima. Både lærarar og elevar gjekk ofte heim med hovudverk.

Betre inneklima

No er den gamle skulen jamna med jorda, og ein splitter ny skule står klar til å ta imot lærarar og elevar.

Nytt anlegg skal også gjere inneklimaet langt betre for både tilsette og elevar.

– Det kan ikkje samanliknast med det gamle. Det er som dag og natt, seier rektoren.

Førstkommande måndag kjem lærarane ved skulen tilbake etter ferie.

– Vi gler oss til å ta dei imot, seier Ingebrigtsen.

– Eit eldorado

Også på utsida har skulen fått ei ansiktsløfting.

– Uteområdet er som eit eldorado for ungane til aktive friminutt, seier rektoren ved skulen.

Då NRK fekk omvising på den nye skulen vart fleire elevar som var på SFO med. Også dei er godt nøgde med den nye skulen sin.

– Det er så mange nye ting vi aldri har opplevd før på den gamle skulen, seier ein elev.

– Den gamle var så liten at eg ikkje orka å gå der meir, seier ein annan.

Uteområdet på Torridal skole

Slik ser det nye uteområdet ut ved Torridal skole.

Foto: Anne Wirsching/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %