Hopp til innhold

– Eg skulle aldri ha greve han ned

Den drapstiltalte 38-åringen i Åmli trudde han sjølv skulle bli drepen då han tok livet av svogeren sin.

Drapet i Åmli gravemaskin

Det var her, like ved garden til tiltalte, at svogeren vart funne nedgraven i eit myrområde.

Foto: Elisabeth Grosvold

– Eg var livredd for at han skulle stikke meg med kniv og drepe meg. Det var difor eg fyrte av skot, for å stoppe han, sa tiltalte då han forklarte seg i Aust-Agder tingrett måndag.

Det var i november 2016 drapet fann stad. 38-åringen meiner han handla i naudverje og nektar straffskuld for drap.

Mannen forklarte i tingretten at svogeren bad om å få låne ein bil av han. Tiltalte gav han nøkkelen til bilen, men angra då han meinte at svogeren var så rusa at han ikkje kunne køyre bil.

Drap i Åmli

48-åringen vart funnen drepen på garden til tiltalte. Opp i høgre hjørnet har politiet merka funnstaden med ei pil og talet 6.

Foto: Politiet

– Prøvde å køyre på meg

38-åringen, som hadde ein ladd revolver i buksa, gjekk ut for å tilby seg å køyre svogeren dit han skulle. Mannen forklarte at avdøde forsøkte å køyre han ned med bilen.

– Han gjer gass mot meg, medan han ser på meg. Han prøver å køyre på meg, men eg hoppa til side slik at han bomma, forklarte 38-åringen.

Vidare forklarte tiltalte at avdøde kom ut av bilen med ein kniv i handa.

– Han går mot meg og ropar noko uforståeleg. Eg ropar «stopp», men får ikkje kontakt. Eg løftar pistolen for å prøve å stoppe han. Eg peikar på han og avfyrer to skot i rask rekkefølgje. Eg var livredd for at han skulle stikke meg og drepe meg, forklarte han.

Avdøde er tidligere domfelt 38 ganger. Ni av dommene er for voldsbruk.

Mannen sa i retten at han hugsar dårleg kva som skjedde etter at 48-åringen var død. Men han forklarte at han dekka han med ei grøn presenning.

Sag Åmli-drapet

Tiltalte skal ha brukt denne saga til å partere avdøde.

Foto: Politiet

Parterte og grov ned

På kvelden same dag forklarar han at han forsøkte å få ut ei kule frå kroppen til svogeren. Til dette brukte han ein kniv og ein skalpell.

– Eg kan ikkje svare på kva eg tenkte. Eg antar at eg ville fjerne kuler som kunne vere bevis. Eg tok ei dum avgjerd ved ikkje å ringe politi eller ambulanse. Det angrar eg veldig på, sa han i retten.

Mannen er også tiltalt for å ha partert og for å ha greve ned mannen i eit myrområde på garden. På spørsmål frå dommaren om kvifor han parterte liket, svara han:

– Eg trur det var fordi eg hadde problem med å flytte på han. Eg prøvde å dra han, utan at eg hugsar det i detalj, forklarte han.

Ifølgje tiltalen skal han ha brukt både kniv og ei handsag. Dette hevdar han at han ikkje hugsar, men han utelukkar det ikkje.

– Det var ein dum ting som eg angrar veldig på. Eg skulle aldri ha greve han ned. Eg er ganske sikker på at eg fekk panikk, og at eg var redd for kva som skulle skje. Eg var redd for ikkje å bli trudd, sa han.

38-åringen erkjenner likskjending etter tiltalen.

Minigraver, drap i Åmli

38-åringen skal ha brukt denne minigravaren til å grave ned svogeren.

Foto: Politiet

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %