Hopp til innhold

Nektar straffskuld for drap – vedgår likskjending

Ein 38-åring frå Åmli er tiltalt for å ha skote svogeren, før han parterte og grov han ned på garden.

Drapet i Åmli
Foto: Elisabeth Grosvold

Den avdøde 45-åringen skal ha blitt drepen av to revolver-skot.

I avhøyr har tiltalte erkjent at han heldt revolveren, men han hevdar han handla i naudverje og nektar difor straffskuld for drap.

Det kom fram då rettssaka mot 38-åringen starta måndag morgon.

Det skal ha oppstått ein krangel mellom dei to. Tiltalte har forklart at avdøde køyrde imot han med bil. 38-åringen, som gjekk med ein ladd revolver, avfyrte eit varselskot.

Har ikkje funne revolveren

Seinare skal avdøde ha gått ut av bilen med ein kniv i handa retta mot tiltalte. Dette oppfatta han som ein trugsel, og han avfyrte difor to skot med kort mellomrom, har han forklart i avhøyr.

– Revolveren har vi ikkje beslaglagt. Tiltalte har forklart han har gitt den til ein person som skulle destruere den, sa statsadvokat Leif Aleksandersen i Aust-Agder tingrett.

Etterpå skal den tiltalte mannen ha brukt ein skalpell for å fjerne den eine kula.

Seinare skal han ha brukt ein kniv eller ei handsag for å partere svogeren som han seinare skal ha greve ned i eit myrområde med ein minigravar. Dette vedgår han straffskuld for.

Svein Kjetil Stallemo

Svein Kjetil Stallemo er tiltalte sin forsvarar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Bankkort og Facebook-meldingar

I sitt innleiingsforedrag fortalde statsadvokat Leif Aleksandersen korleis dei fatta mistanke om at 38-åringen hadde noko med drapet på svogeren å gjere.

I desember skulle politiet levere tilbake nokre gjenstandar til avdøde, men dei kom ikkje i kontakt med han.

Det var først i januar at 45-åringen vart meldt sakna. Politiet gjorde fleire undersøkingar for å prøve å finne mannen.

Blant anna fann dei ut at bankkortet til mannen hadde blitt brukt. Dei fann også Facebook-meldingar som gjorde at dei mistenkte at mannen hadde blitt utsett for noko kriminelt.

Tiltalt for fleire forhold

Seinare vart det sett i verk undersøkingar på garden til tiltalte og kona hans. Politiet la merke til at det hadde blitt greve i eit myrområde på garden.

Politiet konkluderte med at det ikkje var ein naturleg stad å grave.

Det var her dei til slutt fann den døde 45-åringen.

Mannen er også tiltalt for ulovleg oppbevaring av ei rekkje våpen og oppbevaring og bruk av narkotika.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %