Hopp til innhold

– Du får hobbypolitikarar omtrent som i ein 17. mai-komité

Fylkesleiaren i Aust-Agder Senterparti, Oddbjørn Kylland, fryktar at større kommunar vil føre til større avstand mellom politikarane og folket.

Oddbjørn Kylland i Debatten

Oddbjørn Kylland (Sp) i den direktesende debatten frå Kilden i Kristiansand torsdag kveld.

Foto: NRK

Kylland diskuterte ordførarrolla og lokaldemokrati med blant andre Lillesandsordførar Arne Thomassen, under Debatten i Kilden i Kristiansand torsdag kveld.

– Eg trur rolla du har, og figuren du gjer, vert sett pris på. Rolla du har i lokalsamfunnet er kjempeviktig fordi du har den tette kontakten. Den vil forsvinne med bydelsutval, sa Kylland som sjølv er busett i Lillesand.

– Slik det ser ut her kan vi få bydelsutval. Det er ein betydeleg svekking. Det er hobbypolitikarar som skal sitje her. Eg har litt fleipete sagt at det blir som ein 17. mai-komité, seier Kylland.

– Det blir ikkje hobbypolitikarar

Tema i debatten var Nye Kristiansand, som inneber samanslåing av Kristiansand, Søgne, Songdalen, Lillesand og Birkenes.

Dersom kommunane vert slegne saman skal det opprettast fleire bydelsutval.

– Dette er ikkje ein ordførarreform. Dette er ein reform for å levere betre teneste for innbyggjarane våre, sa ordførar i Lillesand, Arne Thomassen.

Thomassen trur tvert imot at lokaldemokratiet vert styrka med ei samanslåing.

– Vi får framståande politikarar som kjem til å engasjere seg minst like mykje. Det kan godt vere ein fordel å ha fleire politikarar enn berre å ha ein heiltidspolitikar. Det blir ikkje berre hobbypolitikarar Thomassen.

Debatten i Kilden

Debatten vart sendt frå Kilden i Kristiansand torsdag.

Foto: NRK

– Kva skal vi med mange ordførarar som gallionsfigurar?

– Dette handlar om å byggje ein region. Det kan godt vere at eg kunne ha vunne eit attval. Men det er mykje viktigare å sikre innbyggjarane betre teneste dei kommande åra, sa han i debatten.

Heller ikkje Søgne-ordførar Astrid Hilde er redd for å gje ifrå seg ordførarkjedet.

– Vi har laga eit veldig bra system med nærdemokratimodellen. Dette gjeld ikkje ordførarane. Kva skal vi med mange ordførarar som gallionsfigurar? Det er politikken som gjeld. Då må vi tenke på innhaldet i tenestene, meir enn mi eiga løn og stilling, sa Hilde i Debatten.

6. juni er det folkeavstemming om kommunesamanslåing i Søgne, Songdalen, Lillesand og Birkenes.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %