NRK Meny
Normal

– Vi må ta vare på mennesket Petter Northug

Skiprofilar på Sørlandet tykkjer det er trist at skistjerna Petter Northug er teken for fyllekøyring. No håpar dei Northug vert teken vare på.

northug

Petter Northug får støtte etter at han køyrde bil i rusa tilstand og kolliderte i helga. – Alle kan gjere feil, seier tidlegare landslagstrenar i langrenn Arild Jørgensen frå Kristiansand.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Petter er eit menneske. Alle kan gjere sine feil. Slik sett skal han ikkje behandlast hardare enn andre. For skisporten er ikkje dette positivt i det heile, men det er kanskje verst for Petter. Han har det nok ikkje greitt no, seier tidlegare landslagstrenar i langrenn Arild Jørgensen til NRK.

Søndag kveld vart det kjent at Petter Northug vedgår å ha køyrt i fylla. Han krasja i autovernet på Byåsen i Trondheim søndag morgon og stakk frå staden. Kort tid seinare vart han arrestert av politiet. No risikerer Northug fengselsstraff.

– Alle kan gjere feil

Solveig Pedersen

Solveig Pedersen håpar Northug kjem tilbake som skiløpar.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Tidlegare landslagsløpar Solveig Pedersen frå Kristiansand meiner at Northug kan gjere opp for seg.

– Alle kan gjere feil, og dette var ein grov feil. Men at Petter ynskjer å gjere opp for seg er det første og det beste som skjer, seier Pedersen.

I ei pressemelding søndag kveld la skistjerna frå Trøndelag seg flat etter det som har skjedd.

– Eg veit at eg er eit førebilete for mange unge, og erkjenner fullt og heilt at eg ikkje har oppført meg slik eit førebilete skal. Eg vil beklage overfor alle desse, og overfor alle dei som no er skuffa over meg, sa Northug i pressemeldinga.

Mange barn og unge har Northug som sitt store førebilete innan idretten. Solveig Pedersen meiner det er viktig å snakke med barna.

– Eg trur ein bør fortelje barna som det er. Dei kan nok dei også forstå med litt vaksen, god omtanke rundt, seier ho.

Mange spør seg no om Petter Northug nokon gang vil komme tilbake på toppnivå etter fleire tunge sesongar, og etter helgas episode.

(Artikkelen held fram under bilete)

bilde

Petter Northugs Audi vart totalvraka etter å ha køyrt i autovernet på Byåsen i Trondheim tidleg søndag morgon.

Foto: Henrik Sundgård

Håpar Northug finn motivasjon

– Ting tyder på at han ikkje har levd eit A4 toppidrettsliv etter OL og fram til no. Han må finne motivasjonen til å trene beinhardt – å trene som verdas beste skiløpar igjen. Akkurat no verkar det ikkje som om han har hatt den motivasjonen på ei stund, seier NRKs langrennskommentator Jann Post.

– Finn han ikkje tilbake til den motivasjonen, har vi nok sett det beste av Northug, trur Post.

Både Arild Jørgensen og Solveig Pedersen håpar at Northug vil finne motivasjon og halde fram i skisporet. Duoen håpar at Northug er tilbake i storform under VM i Falun neste vinter.

– Eg håpar jo det. Han er ein flott idrettsmann, så det håpar eg inderleg. Eg forstår at det vert ein tøff prosess for Petter, seier Pedersen.

– Eg trur han kjem tilbake. Eg trur at han har lyst til å gå fort i Sverige til vinteren, seier Jørgensen.

Se video

4 ungdommer fra Kristiansand om Northug som forbilde