Hopp til innhold

– Det er mykje som står på spel

Søndag kveld kan Start igjen vere eit 1. divisjonslag. Spelarane veit det blir tøft å ta poeng frå Molde, men trur det er mogleg.

Bård Borgersen

Lars-Jørgen Salvesen og Bård Borgersen er spent før siste serierunde mot Molde.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi gler oss, men er veldig spente også. Det er mykje som står på spel for enkeltspelarar og klubbar, seier Start-spissen Lars-Jørgen Salvesen til NRK.

Det ligg an til å bli ei dramatisk avslutning på årets eliteseriesesong. Før siste serierunde er det Start som ligg på kvalifiseringsplass.

Bård Borgersen, Start

Med siger mot Molde vil Start sikre kvalifiseringsplassen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Men Mjøndalen ligg berre eitt poeng bak på direkte nedrykk. Om Mjøndalen tek eitt poeng, toler ikkje Start tap med tre mål mot seg. 0–0 og 2–5 vil dessutan sende laga ut i omspel om rett til kvalifisering.

Skadefri Start-tropp

Start møter altså formlaget Molde på heimebane. Laget som har imponert i Europaligaen med å sikre avansement frå gruppespelet. Seinast torsdag slo dei Celtic på bortebane.

Mjøndalen skal til Stavanger der dei møter eit Viking-lag som kjempar om 4.-plass som vil gje plass i Europaligaen neste sesong.

– Vi har førebudd oss godt. Vi er friske og raske, seier Start-trenar Bård Borgersen.

Start står med 13 strake kampar utan siger. Men førre serierunde mot Stabæk var likevel eitt steg i rett retning trass i at det vart 2-3-tap.

– Det var mykje bra i den kampen. Vi følte vi fekk med oss energi derifrå, seier han.

Får rapportar frå Mjøndalen-kampen

Start-trenaren kjem til å følgje med på korleis det ligg an i Stavanger.

– Vi må jo bry oss om den kampen. Så må halde hovudet kaldt oppi dette. Om det er resultat som er ugunstig for oss må vi gjere endringar. Situasjonen er veldig spesiell, seier Borgersen.

Midtbanespelar Andreas Hollingen er på utlån frå Molde. Han fryktar eit sterkt Molde-lag på Sør Arena. Ole Gunnar Solskjær sine menn har ein teoretisk sjanse til å kapre 4.-plassen i serien.

– Dei har eit godt lag uansett kven dei stiller med. Så det blir vanskeleg. Det blir ein veldig tøff kamp, men vi skal gje dei motstand, seier han.

Start har ikkje slått Molde på heimebane på neste ti år. Søndag kan sørlendingane vere heilt avhengige av siger for å berge plassen i eliteserien.

Sjå reportasje før siste serierunde.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %