Hopp til innhold

– Det er litt typisk Benedict

Sokneprest ved St. Ansgar kyrkjelyd i Kristiansand er særs overraska over at pave Benedict XVI går av i slutten av månaden.

Frode Eikenes og pave Benedict

Frode Eikenes (t.h.) er overraska over at pave Benedict har bestemt seg for å gå av.

Foto: Scanpix - Sander Heggheim/NRK

– Ingen av oss visste noko om dette på førehand. Det kom som eit sjokk, seier sokneprest Frode Eikenes til NRK.

Det var måndag morgon at beskjeden om at paven trekkjer seg kom. Meldinga kom under ei gudsteneste. Paven seier at årsaka til at han trekkjer seg er at han manglar styrke til å styre kyrkja på grunn av sin høge alder.

– Eg har merka at eg har mista mykje av krafta dei siste månadene, i så stor grad at eg har måtte innsjå at eg ikkje er i stand til å fylle embetet som eg er tiltrudd, seier paven.

– Det er eit sjokk

– Vi er overraska, men på ein måte tenkjer eg at det er litt typisk Benedict. Han har sagt noko om dette for mange år sidan, at noko slikt kunne komme til å skje. Anten med han eller ein annan pave, seier Eikenes.

– Han har førebudd oss dersom vi hugsar litt tilbake. Men det er eit sjokk og det er veldig lenge sidan sist dette skjedde, seier soknepresten.

Paven går av 28. februar klokka 20. Det betyr at pavestolen blir ståande tom fram til ny pave er vald. Det skal skje innan påske.

– Det blir spennande å sjå kven det blir. Det har eg ingen idé om, seier han.

– Dette er ikkje ein jobb ein ynskjer. Dette er noko ein blir kalla til og som ein ser på som ei byrde eigentleg. Men ein gjer det av lydigheit, seier Eikenes.

– Modig gjort

Sist ein pave ikkje sat heilt til han døydde var på byrjinga av 1400-talet.

– Eg tykkjer det er modig gjort og vi må respektere det. Den neste paven blir heilt sikkert godt.

Soknepresten har sjølv møtt pave Benedict XVI for nokre år tilbake.

– Vi snakka ikkje saman, vi berre helste på kvarandre, så det var ikkje noko personleg. Men ein får litt den same effekten som når ein møter ei popstjerne eller ei filmstjerne. Det jubel og klapping. Ein reagerer litt barnsleg, smiler han.

No er han spent på kven den neste paven blir.

– Vi kjem til å snakke om det og vi vil ha gudsteneste og bønner i samband med val av neste pave, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %