Hopp til innhold

– Dårlege karakterar skuldast dårlege haldningar

Professor i matematikk meiner at årsaka til dårlege karakterar i matematikk skuldast dårlege haldningar til faget både blant foreldre og elevar.

Tavle matematikk pytagoras

10.-klassingane i Aust-Agder er blant dei dårlegaste i landet i matematikk.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Haldningar til faget kan vere ei av årsakene. Ein ventar at det skal gå dårleg og då går det dårleg. Foreldre seier til barna eg var heller ikkje så god i matematikk, seier professor i matematikk og didaktikk, Anne Berit Fuglestad til NRK.

– Då ventar ein heller ikkje så mykje. Forventningane kan vere veldig negative og ha stor betydning for læringa, seier ho.

Oslo best i klassen

Statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser at 10.-klassingane i Aust-Agder er blant dei svakaste i landet.

Gjennomsnittskarakteren i matematikk i 10. klasse i Aust-Agder er 2,7. Karakterskalaen i ungdomsskulen går frå ein til seks.

Det er berre Finnmark og Telemark som har lågare snitt enn avgangselevane i Aust-Agder.

Roar Aaserud

Roar Aaserud er kommunalsjef i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I Vest-Agder er gjennomsnittskarakteren 2,9. Oslo har beste snittkarakter med 3,2.

Peikar på levekårsutfordringar

Kommunalsjef i Arendal, Roar Aaserud, dreg fram levekårsutfordringar når han vert spurt om årsaker til det låge snittet.

– Vi må vente at vi ikkje presterer like høgt som alle kommunar i alle fag. Men dette kan vi ikkje slå oss til ro med. No må vi gå i oss sjølve å sjå om det er noko vi kan gjere i kommunen og på den enkelte skule, seier han til NRK.

– Dette krev både analysar og ein jobb for å heve matematikkresultata, seier Aaserud.

Professor Anne Berit Fuglestad trur også at mobil og nettbrett skapar utfordringar i klasserommet.

– Elevane er online heile tida. Dei greier ikkje å konsentrere seg. Det trur eg er eit problem. Matematikk krev at du jobbar konsentrert og koplar ut andre ting, seier ho.

– I tillegg må du forstå kva du held på med når du skal lære matematikk. Det held ikkje å bli fortalt at du gjer slik og slikt eller kva formel du skal bruke. Du må forstå problemstillinga og gå inn i det. Her har både lærarar og elevar ansvar, seier Fuglestad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %