Miriam Aaberg
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Stille jenter slit i skjul

– Eg rekte aldri opp handa i timen, sjølv om eg visste svaret.

I eit kaotisk klasserom kan det vera lett å gå forbi eit stille barn. Miriam Aaberg (24) er blant dei sjenerte og stille jentene som alltid har sett seg lengst bak i klasserommet.

Miriam Aaberg

STILLE: Miriam Aaberg rekte aldri opp handa i timen, fordi ho var livredd for å seia noko feil.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg har hatt det slik heile barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande. Det verste eg visste var å prate framfor klassa. Eg ville berre vera usynleg. Om det var noko eg ikkje forstod, spurde eg aldri. Det er fyrst no eg tør å spørja om hjelp, men eg likar framleis ikkje å rekke opp handa når vi har førelesning. Eg ser ikkje bort ifrå at dei som er stille på skulen tek det med seg vidare i studielivet og arbeidslivet.

– Følte du deg sett av lærarane dine?

– Nei. Men eg veit ikkje kor lett det er å sjå heller. Andre i klassa fekk naturleg nok meir merksemd fordi dei gjorde meir ut av seg, seier Aaberg.

– Kva var grunnen til at du ikkje ville seia noko høgt i klasserommet?

– Eg var livredd for å seia noko feil eller føle meg dum.

Tabubelagt med faglege problem

Miriam Aaberg studerer sjukepleie i Førde saman med Maren Kristine Bjerke (24) og Ingrid Berge (22). Dei tre studentane er samde om at det er meir press på jenter om å vera flinke tidleg.

– Eg trur det er litt tabu for ei jente å snakke om at ho gjer det dårleg på skulen. Ein høyrer ofte om gutar som slit på skulen, medan det er forventa at jenter er flinke. Samtidig trur eg det er vanskelegare for gutar å seia ifrå om dei har psykiske problem, meiner Berge.

Sjukepleiestudentar

MEIR PRESS PÅ JENTER: Maren Kristine Bjerke, Miriam Aaberg og Ingrid Berge trur det er vanskeleg for jenter å seia at dei slit fagleg.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det er pinleg og tabubelagt å seia at ein er dårlegare enn dei andre. Spesielt dysleksi trur eg det er vanskeleg for jenter å seia ifrå om. Det er eit slags press frå samfunnet om at jenter skal få betre karakterar, seier Aaberg.

– Har de inntrykk av at jenter blir til oppfordra til å vera flinke til alt, medan gutar blir til oppfordra til å arbeide med det dei er interesserte i?

– Ja, absolutt. Gutar får nok meir meistringskjensle når dei får til det dei held på med. Jenter må gjerne arbeide mykje med det dei ikkje er like flinke i. Dei blir pressa litt ekstra for å få gode karakterar i fag dei ikkje likar så godt. Eg trur det kan gå utover sjølvtilliten, seier Bjerke.

Innagerande åtferd er òg eit problem

– Det går an å vera stille og ha det fint. Men nokre gonger er stilla eit uttrykk for at ein ikkje har det bra. Stille barn kjem ofte i bakgrunnen av dei som er urolege og bråkete.

Ingrid Lund er professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Agder. I 2010 gjorde ho ein doktorgradsstudie der ho intervjua ungdom mellom 12 og 16 år som var veldig stille.

Ingrid Lund

HAR FORSKA PÅ STILLE BARN: Professor Ingrid Lund ved Universitetet i Agder legg vekt på eit trygt læringsmiljø for alle barn.

Foto: Cathrine Mjøs Siggum

– Eg ynskte å finne ut kva ungdommane sjølve meinte var årsaka til at dei trekte seg attende. Eg ville òg finne ut kva vi vaksne skal gjera for at dei skal få det betre på skulen.

Ein ting peikte seg tydeleg ut i studien. Mobbing var ein stor del av problemet. Fleire fortalde at dei var blitt mobba, og det forsterka åtferda deira. Dette var jenter som i utgangspunktet var forsiktige, og som vart enda meir stille etter krenkande opplevingar på skulen. For somme starta det allereie i barnehagen.

– Det handlar om å øve seg på å vera saman med andre på gode måtar. Barn må finne ut av leik og samspel. Når ein er litt forsiktig, kan ein trenge ekstra hjelp for å koma inn i leik og å tora å seia ifrå. Dei vaksne i barnehagen og skulen må rettleie slik at barna kjenner seg trygge nok til å prøve og feile. Viss ikkje kan barn lett bli enda meir stille. Dei som lærer seg eit slikt mønster i barnehagen, trekkjer det med seg over i skulen. Doktorgraden min provar at innagerande åtferd er eit like stort problem som utagerande åtferd.

Dei stille jentene som slit er vanskelege å oppdage. Det å vere innagerande er ein motsats til utagerande, men eit like stort problem for den det gjeld.

Lund arbeidde mykje med korleis ein skapar eit inkluderande læringsmiljø uansett kva åtferd ein har. Dette betyr mykje, spesielt for dei stille barna. Dei treng trygge miljø for å tora å seia ifrå når noko er vanskeleg.

– Fann du nokon kjønnsskilnad blant dei stille barna?

– Eg har ikkje forska på det. Men i kulturen vår er det meir akseptert at jenter er stille. Når ein gut er stille, heiar vi han fortare fram og oppfordrar han til å heve røysta. Vi forventar ei anna åtferd frå gutar, difor legg vi fortare merke til stille gutar. Stille jenter blir gjerne sett på som søte.

– Kva kan vi gjera for dei stille barna?

– Det høyrest så banalt ut, men det handlar om auka medvit. Åtferd er eit språk som må lesast av vaksne. Mange synest det er vanskeleg å ha ein dialog med eit barn som nesten ikkje pratar, men det er alltid den vaksne sitt ansvar å finne ein måte å kommunisere på. Dei vaksne må tola å vente, og vise at dei vil barnet vel på ein tydeleg og varm måte.

Jenter skjuler at dei har dysleksi

Dysleksi er ein av tinga dei stille jentene kan slite med. Generalsekretær i Dysleksi Norge, Caroline Solem, seier at dysleksi er jamt fordelt i folkesetnaden, og rammar gutar og jenter like ofte. Likevel får dobbelt så mange gutar spesialundervisning i skulen.

Caroline Solem

VANSKELEG Å OPPDAGE: Caroline Solem i Dysleksi Noreg seier at mange prøver å skjule at dei har lese- og skrivevanskar.

Foto: Beth Vilbo

– Det kan vera vanskeleg å oppdaga at jenter har dysleksi, sidan dei ofte får greie karakterar. Men mange har jobba veldig hardt utan at dei får hjelp eller kompensasjon for dysleksien sin. Nokre skjuler problema sine så godt dei kan. Til dømes kan dei pugge leseleksene sine, slik at det verkar som dei kan å lesa, medan dei eigentleg har lært teksten utanåt. Desse jentene gjer alt dei kan for å unngå å koma i situasjonar der dei blir oppdaga.

I det siste har det vore ein del debatt rundt at skulen er betre tilpassa jenter og at gutane er skuletaparane. Men Solem meiner det blir feil å setja gutane og jentene opp mot kvarandre.

– Det er ingen vinnar eller tapar i denne situasjonen. Det er vanskeleg for alle uansett kjønn. Dei jentene som jobbar og jobbar utan å bli sett, kan utvikle alvorlege problem med sjølvtilliten. Gutane viser oftare frustrasjon ved å utagere og bli sinte.

– Kva kan vi gjera for å oppdaga dei stille jentene som slit med dysleksi?

– Vi må snakke opent om dysleksi som fenomen. Når vi har ein statsminister med dysleksi, er det lett å tru at det ikkje lenger er tabubelagt. Men det er nok framleis vanskeleg for mange å prate om. Vi må få fram at det er heilt greitt å ha dysleksi, og vi må ha ei mykje betre rutine for å fange opp dei som slit i skulen. Mange av jentene som ikkje blir oppdaga, kan ein finne om ein ser etter dei riktige teikna.

Lesing

RAMMAR GUTAR OG JENTER LIKT: Dysleksi er jamt fordelt i folkesetnaden, og er uavhengig av kjønn, alder og intelligens.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Vinn på skulen, tapar med seg sjølv

Dei tre jentene på sjukepleiarstudiet i Førde stadfestar at det er lite merksemd om jenter og dysleksi. Dei trur at det kan vera vanskelegare for jenter å forstå at dei har lese- og skrivevanskar fordi ein oftast assosierer det med gutar.

– Eg kan ikkje hugse at nokon jenter hadde spesialundervisning, med mindre dei kom frå eit anna land og hadde morsmålsundervisning. Det var berre gutar som hadde dysleksi, det var det eg trudde. Hadde eg hatt dysleksi ville eg aldri skjønt det sjølv. Det var sikkert jenter i klassa som hadde det, utan at vi visste det, seier Miriam Aaberg.

Maren Kristine Bjerke trur at jenter alt i alt får mindre merksemd enn gutar i skulen.

– Det blir kanskje ikkje fanga opp like lett viss jenter har problem. Gutar viser seg litt meir, medan jenter trekkjer seg attende.

– Ein legg kanskje litt meir merke til ein gut som er stille, skyt Ingrid Berge inn.

Dei tre studentane meiner det blir feil å peike ut jenter som skulevinnarar når det er jentene som slit mest psykisk.

– Det hjelper ikkje å ha gode karakterar om ein ikkje føler seg god nok. Når ein alltid må prestere, men i botnen ikkje har det bra, ser eg at jenter kanskje vinn på skulen. Men dei vinn ikkje med seg sjølve, meiner Bjerke.

Maren Kristine Bjerke, Miriam Aaberg og Ingrid Berge

SJUKEPLEIARSTUDENTAR: Maren Kristine Bjerke, Miriam Aaberg og Ingrid Berge fortel at dei ikkje har lært noko spesielt om stille barn i løpet av sjukepleiestudiet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK