Vegmilliardar til minibygder

Det bur nesten ingen menneske der. Men likevel skal staten bruke milliardar på småbygdene dei neste åra.

– Er det stygt ver så må ikkje borna reise med bussen til skulen forbi rasområda. Då får dei heller vere heime, seier Arnstein Menes.

Han har nettopp henta i skulen og barnehagen. Vegen er smal og går langs stupbratte fjellsider. Om vinteren kan digre snøras feie folk på sjøen.

Snart skal det brukast 3,7 milliardar kroner på å sikre vegane til ti småbygder mot ras. Til saman bur der knapt 600 innbyggarar.

– Vi prøver så langt som vi kan å ikkje utsette barna for nokon ekstra fare, seier han.

Det store nye huset til Arnstein (42) og Jenny Menes (38) ligg på ei høgde ved Sognefjorden. Her bur dei med seks barn frå åtte år til yngstemann som vart født i september.

Nyleg vart det brukt 55 millionar kroner for å gjere den 5 kilometer lange vegen til Menes mindre skummel. I alt bur det 14 menneske i grenda.

Vegforkjemparane meiner slike små stadar ikkje kan leve med bekymringane for ras, og at det må brukast milliardar i åra som kjem.

Men går det ei grense for kor mykje pengar ein skal bruke på lite folk? Og kva gjer innbyggarane så redde? Er det så farleg som dei trur?

 Milliardvegar til minibygder - Familien Menes i Balestrand kommune

Torald (8), Kristine (3), Jenny (38), Nils Olav (5), Arnstein (42), Ingeborg (7) I tillegg kom yngstemann Arne til verda i september.

Foto: TORJE BJELLAAS / NRK

Kanskje vil Menes alltid vere ein stad for spesielt interesserte. Men Arnstein fekk med seg Jenny dit i 2009. Tre år etter stod det nye huset ferdig.

– Eg har aldri før budd ein stad der ein kunne få ting i hovudet når ein køyrer bil, seier Jenny Menes som er frå Averøy på Nordmøre.

I det store huset er det liv og røre, barna skal ha mat, snart er det lekser og fritidsaktivitetar.

Utanfor går sauene på haustbeite, skogen kryr av hjort og utsikta over Sognefjorden er eineståande.

Her har Arnstein alltid villa bu, sjølv om staden ligg langt unna jobben ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Jenny er fastlege i nabokommunen Leikanger.

Men idyllen har aldri vore heilt perfekt. Når mildvêret set inn, og når snøen har dynga seg ned langs dei stupbratte fjellsidene.

Då kjem også uvissa. For at akkurat då, når snøen kjem fossande mot vegbana, så skal du sjølv eller nokon du er glad i vere på feil stad til feil tid.

Den mest utsette plassen

Frå 1000 meters høgde kjem snømassane veltande nedover fjellsida – i gjennomsnitt 20 gonger i året. Med seks barn i bilen køyrer familien dagleg langs vegen.

For få år tilbake kom meldinga som tre generasjonar Menes hadde venta på. To av dei farlegaste plassane langs vegen skulle sikrast mot ras.

Det er laga betongoverbygg og rasvoll, men likevel er det ikkje heilt trygt. Fleire stadar treng sikring, og vollen fyller seg raskt opp med snø. Då veltar rasa over kanten og ut på vegen.

– Når eg sender borna på skulen, og ikkje veit heilt om dei faktisk kjem fram, det er jo litt ekkelt, seier Jenny Menes.

Av og til har det vore nære på.

– Det har vore bilar som nesten har reist på fjorden. Ein brøytesjåfør vart på 80-talet tatt av ras og ført på fjorden, men overlevde, seier Arnstein.

Brøytesjåføren slutta i jobben etterpå, men innbyggarane på Menes har blitt verande.

Folk kunne ha flytta. I debattane har politikarar sagt at det går ei grense for kor mykje samfunnet kan bruke på slike stadar.

Det hadde vore billegare å kjøpe innbyggarane på Menes vinterbustadar i kommunesenteret Balestrand i rasperiodane.

– Eg synest det er litt uverdig å prate om slike ting. Noreg er eit rikt land som har råd til at folk bur folk på mindre stadar, seier Arnstein.

Menes er Senterpartipolitikar. I ei periode var han også leiar i samferdsleutvalet i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Då pengane vart løyvde til vegen til heimbygda gjekk han frå bordet som inhabil. Neste haust er han ordførarkandidat i nye Sogndal kommune.

Snart skal endå fleire småsamfunn få rassikring. For summar som gjer millionane til Menes til småpengar.

Flo i Stryn kommune

FLO: I grenda Flo bur det 71 menneske, snart kjem det ny veg til 660 millionar kroner.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

3,7 milliardar til 600 menneske

For vi skal bruke stadig meir pengar for å unngå at steinar, snø og is skal lande på folk når dei køyrer bil.

Staten har sett av 12 milliardar kroner fram mot 2029 for å sikre fylkesvegar mot ras. I tillegg kjem like mykje pengar til å sikre riks- og europavegar.

Klimaendringane er venta å føre til fleire ras. Mykje av pengane går til trafikkerte gjennomfartsårer.

Men pengane går også til stadar du må leite grundig etter for å finne på kartet.

NRK har gått gjennom korleis fylka vil bruke pengane frå staten dei komande åra. Vi har sjekka kor ofte det går ras, kva vegane vil koste, og kor mange som faktisk bur der.

Fleire småsamfunn skal få vegar til mange hundre millionar kroner

Kjelde: Fylkeskommunane sine prioriteringslister. Bygdene er endepunkt på veistrekningane. Tal stengingar frå Statens vegvesen. Det kan årleg vere ras som ikkje er registrerte.

  • Flo i Stryn kommune

    Det bur 71 menneska i grenda Flo. Vegen skal rassikrast med tunnel og bru for 660 millionar kroner. I snitt rasar det 15 gonger i året. Ni gonger i året stenger vegen i snitt på grunn av skredfare. Byggestart i 2019.

  • Lille Lerresfjord Alta kommune

    Det bur 21 menneske i Store Lerresfjordbotn og Lille Lerresfjord. Vegen må rassikrast for 160 millionar kroner. 5 gongar i året rasar det, fem gonger i året må vegen stenge. Byggestart 2022.

  • Honningsvåg i Selje kommune

    Det bur 38 menneske i Honningsvåg. I desember opnar det ny tunnel til 140 millionar kroner til bygda. 2 døgn i året i snitt stenger vegen på grunn av skred og skredfare. Opning desember 2018.

  • Tårnvika i Bodø kommune

    Det bur 10 menneske i Tårnvika. Vegen skal sikrast for 65 millionar kroner. Vegen er i snitt stengt i 3 døgn i året på grunn av skred eller skredfare. Oppstart 2018 - 2021.

  • Flakstadvåg i Torsken kommune

    Det bur 34 menneske i Flakstadvåg. Vegen blir no rassikra for 120 millionar kroner. I snitt passerer 40 bilar i døgnet. Vegen er stengt i snitt stengt tre gonger i året på grunn av skred og skredfare. Vegen treng meir rassikring i framtida for å vere heilt trygg.

  • Arnafjord i Vik kommune

    Det bur 136 menneske i Arnafjord. Vegen skal sikrast for 1 milliard kroner. I snitt er vegen stengt i 3 døgn i året. Vegvesenet har registret 14 ras i snitt i året. Oppstart kan skje før 2027

  • Navelsaker i Eid kommune

    Det bur 19 menneske på Navelsaker. Rassikring vil koste 300 millionar kroner. Vegen er i snitt stengt ni døgn i året. I snitt er det 25 små og store rashendingar årleg. Oppstart kan skje før 2027

  • Tromvik i Tromsø kommune

    I Tromvik bur det 136 menneske. Rassikring kostar mellom 300 og 700 millionar kroner. Vegen er i snitt stengt 2 døgn i året på grunn av ras og rasfare. 265 bilar passerer i snitt i døgnet. Oppstart kan bli rundt 2023.

  • Veitastrond i Luster kommune

    I Veitastrond bur det 123 menneske. Rassikring av vegen er kostnadsrekna til nær 500 millionar kroner. Til no er det brukt 150 millionar på tunnel og skredvoll. I fylgje Vegvesenet stenger vegen i snitt 3 døgn i året på grunn av skred og skredfare, etter at den fyrste tunnelen er ferdig.

Etter mange år med kamp fann fylkespolitikarane gullkortet til samferdslebudsjettet. Ein tidlegare samferdsleminister har svaret på korleis.

– Forstår at ein stiller spørsmål

Kor mykje pengar som skal gå til å sikre mot ras blir bestemt i Nasjonal transportplan. Pengane blir fordelt mellom fylka ut frå faglege råd om faren for ras. Seinare melder fylka tilbake til staten korleis dei har tenkt å bruke pengane.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) vil ikkje kommentere saka. I staden lar Samferdsledepartementet statssekretær Tommy Skjervold (Frp) svare på kvifor ein brukar milliardsummar på småbygder.

– Det er fylka som prioriterer kva vegar som skal sikrast mot ras. Vi legg oss ikkje opp i korleis dei gjer det, men tek det for gitt at dei gjer gode val.

Men er det rett å bruke så store summar til så små stadar?

– Eg kan forstå at ein stiller spørsmål ved korleis ein gjer prioriteringane. Men samstundes er det ikkje regjeringa si rolle å legge seg opp i dette. Vi løyver tilskot til fylka ut frå faglege kriterium for kor mykje pengar som skal brukast.

Snart ferdig

Vegarbeidet er snart ferdig med tunnel til 140 millionar kroner til Honningsvåg ved Stad. Då slepp dei 39 menneska som bur her å køyre på utsida.

Lokalpolitikarar med felles front

I mange år reiste lokalpolitikarar frå heile landet til Oslo for å finne ut om akkurat deira fylke kunne få litt ekstra pengar til å rassikre problemvegane. Til ingen nytte.

Men så kom smarte fylkespolitikarar på at om ein laga ein felles front så kunne ein lukkast. Derfor laga dei den nasjonale rassikringsgruppa. Med ein sentral fylkespolitikar frå til saman ni fylke. Dette er fylka på Vestlandet, Nord-Norge og Oppland.

– Det å representere noko på nasjonalt nivå er ofte ein døropnar, sa leiar i gruppa Åshild Kjelsnes (Ap) under ein konferanse i Geiranger for to år tilbake.

Ho har lang fartstid både som fylkesordførar og som fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane.

Då gruppa starta arbeidet var målet å auke potten frå ca. 300 millionar i året, til 1 milliard kroner årleg.

I 2005 skjedde det også noko avgjerande. Ein av dei fremste forkjemparane for rassikring nasjonalt, Sp-politikaren Liv Signe Navarsete frå Sogn og Fjordane, gjekk frå å vere fylkespolitikar til å bli vald inn på Stortinget.

Før ho tok plass i salen vart ho samferdsleminister i Stoltenberg-regjeringa.

Snart kunngjorde ho at ho ville legge inn 1 milliard kroner til rassikring i statsbudsjettet og at det var malen framover. Målet til forkjemparane var nådd. Vegbygginga kunne starte.

Milliardvegar til minibygder - Familien Menes i Balestrand kommune

DYRE TILTAK: Dette rasoverbygget til Menes kosta 40 millionar kroner.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– At det blir brukt så masse pengar på så små plassar viser kor bra land vi bur i, seier Liv Signe Navarsete i dag.

Navarsete seier rassikring ikkje var noko stort tema då ho kom inn i regjeringa i 2005. Men ho fekk god drahjelp frå den nasjonale gruppa.

– Eg var veldig glad då eg greidde å få på plass milliarden, seier Navarsete.

Men sjansen for å omkomme i ras langs vegane i Noreg er eigentleg veldig liten.

– Vanskeleg å sette ei grense

I fylgje Vegvesenet rasar det ikkje så ofte som ein kan få inntrykk av. Og sjølv om det i fjor gjekk 109 liv tapt i trafikken, er det ingen av desse som har mista livet på grunn av ras.

I 2017 døde 9 syklistar og 11 fotgjengarar i trafikken. 20 motorsykkelførarar og 66 i bil. Ingen døde som følgje av ras. Ingen har omkome som følgje av ras sidan 2013 i Noreg i fylgje Vegdirektoratet.

– Statistikken fortel at det eigentleg er ganske trygt?

– Det er statistikk, men det handlar også om livskvalitet. Om frykta som folk må leve med når dei nesten blir tekne av ras, seier Liv Signe Navarsete.

– Det handlar om opplevd tryggleik, ein må tenke med sunt folkevett og gjere vedtak deretter, seier Navarsete.

Finst det ei grense for kor mykje pengar som kan brukast på så små stadar?

– Eg trur det er svært vanskeleg å sette eit tak på dette. Det handlar om kva vilje dei som styrer har, og entusiasmen og iveren til dei som bur på staden.

NRK har snakka politikarar og interessegrupper, svært få vegforkjemparar ynskjer å kritisere at andre vegforkjemparar får pengar. Ein forskar meiner å ha svaret på kvifor.

Snøraset i Lyngen

19. januar 2000 gjekk det to store snøras over vegen i Lyngen i Troms. Ein rutebuss, ein hjullastar og ein personbil blei tatt av raset og feid på sjøen. Fem menneske mista livet og to blei skadde. Staden er i dag sikra.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / Scanpix

– Vanskeleg å få politikarane til å bruke mindre pengar

Noreg brukar snart 65 milliardar kroner i året på samferdsle, pengane til småbygdene er kanskje ein liten del i den store samanhengen.

Askill Harkjerr Halse er konstituert forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt. Han seier pengebruken har auka kraftig dei siste 10–15 åra.

Men i takt med at politikarane pøser ut pengar, meiner Halse det er blitt veldig vanskeleg å få samferdslepolitikarar til å fortelje kva vegar som ikkje skal byggast.

Askil H. Halse

Askill H. Halse ved Transportøkonomisk institutt.

Foto: pressefoto

– Det er veldig lett å seie kva ein vil bruke meir pengar på, men vanskeleg å seie kva ein vil nedprioritere, seier Halse.

– Er det noko som vil tvinge seg fram i større grad dei neste åra?

– Ein har sjølvsagt ikkje råd til å bygge alt. Det kan hende det blir tydelegare framover.

Halse seier folk kjempar hardt for vegar i sitt nærområde. Rekninga må fellesskapen ta. Konsekvensane blir mindre pengar ein annan stad.

– Pengebruken kan gå utover meir allmenne omsyn i samfunnet som ikkje har sterke interessegrupper, seier Halse.

Forskingsleiaren meiner likevel at om ein berre skulle bygge dei mest samfunnsøkonomisk lønsame vegane måtte ein også ha bygd langt mindre veg.

Samfunnsnytte av vegar handlar kort og godt om kor mange folk som sparar ei viss mengde tid om ein veg blir bygd. Lite trafikk og liten innsparing av tid gir lite nytte for pengane.

I dag finst det ikkje samfunnsøkonomiske reknemåtar som tar med gevinsten av at folk slepp å verre redde for ras.

– Det er noko vi jobbar med å få talfesta i kroner og øre, og som på sikt kan takast med i ei samfunnsøkonomisk analyse, seier Halse.

  • Kartet under viser kor i landet bygdene ligg. (Saka held fram under)

Lys framtid for grenda Menes

På vegen til Menes spring barna langs vegen, akkurat på den plassen som er skumlast. Men no står her eit stort betongoverbygg som er i stand til å takle tonnevis med snø.

Framleis er ikkje rassesongen begynt for fullt. Då vil ingen vere i området lenge.

Verst er seinvinteren. Då Arnstein var liten utsette dei bursdagsfeiringane i mars fordi gjestane ikkje våga å kome dit.

– Jenny trudde kanskje at ho visste kva det var å bu her, men når ho kom hit og opplevde det i kvardagen så var ho veldig skeptisk, seier Arnstein Menes.

Milliardvegar til minibygder - Familien Menes i Balestrand kommune

LUKKE: Endeleg kan Jenny og Arnstein Menes glede seg over vegen er sikrare enn før.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Når Jenny skal ut på vegen om vinteren er det godt å ha Arnstein, han som er oppvaksen på garden veit meir om når det er trygt.

– Eg berre gjer det som eg får beskjed om, det er andre som kan dette godt, seier ho.

På den avsidesliggande vegen vil neppe nokon få det med seg om ein bil skulle bli tatt av ras i mørket.

– Det kan framleis skje ting på vegen, det kan det. Heilt trygt er det ikkje, men det er likevel ein heilt annan kvardag for oss etter at rassikringa kom, seier Arnstein.

Arnstein har aldri vore i tvil om at det er rett å bygge ein veg til 55 millionar kroner til grenda. Håpet er også at nokon skal kjøpe ein gard som nyleg kom for sal i bygda.

– Det var litt avgjerande at rassikringa kom at vi faktisk skulle bli buande her.

Milliardvegar til minibygder - Familien Menes i Balestrand kommune

Det nye huset i midten hadde kanskje ikkje blitt bygd utan at vegen vart sikra.

Foto: Torje Bjellaas / NRK