Selvkjørende Volvo

TESTBIL: Dette biletet syner ein pilotmodell av ein sjølvkøyrande Uber bil. Biletet er teke i Pittsburgh USA, ved Uber Advanced Technologies Center.

Foto: ANGELO MERENDINO / Afp

Snart kan du sleppe rattet – for alltid

SANDANE (NRK): Førarlause bilar kan om få år vere klare for vegane våre trur samferdsleministeren – det kan revolusjonere kvardagen vår.

– Du kan halde i rattet og kjenne at bilen tek tak og styrer deg inn i vegbana når du nærmar deg sidemerkinga, seier Volvo-forhandlar og regiondirektør i Frydenbø Bilsenter, Lars Endre Gimmestad.

Gimmestad er på vegen med ein Volvo V90 langs E39 ved Sandane i Nordfjord. Den har det siste Volvo kan by på når det gjeld førarassistentsystem. Bilen tek seg fram nærmast utan at Gimmestad treng å halde i rattet. Men framleis må ein nettopp det, elles går alarmen.

Likevel peikar teknologien framover mot det som kan skje raskt. Bilar som køyrer av seg sjølv. I 2017 skal Volvo ut med 100 slike bilar på vegane i Göteborg.

Lars Endre Gimmestad i Frydenbø

SPENT: Volvoforhandlar Lars Endre Gimmestad i Frydenbø Bilsenter meiner stat, fylke og kommunar må ta omsyn til revolusjonen i bilbransjen når dei planlegg for framtida.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Då skal vanlege folk bruke bilar som er klarert for sjølvkøyring på utvalde vegar. Bilfabrikanten har teikna samarbeidsavtale med Uber, kanskje får ein snart bildelingstenester og drosjetenester der bilen kjem og hentar deg utan at nokon sit bak rattet.

– Utviklinga går fort, ein må berre henge seg med og prøve å tenke seg kva konsekvensar det kan få, seier bilforhandlaren.

Bilprodusentar over heile verda varslar at teknologien kjem raskare enn tidlegare trudd. Også digre selskap som ikkje lagar bilar som Google og Uber har kasta seg på.

Førerløs el-buss

UTAN SJÅFØR: Dei nærmaste månadane vil det bli testa ut ein førarlaus buss i Norge.

Foto: Pedersen, Terje / NTB Scanpix

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen trur også ting vil skje raskt. Han har i haust besøkt fem av dei største bilprodusentane i verda, og er overtydd om at vi vil sjå førarlause bilar på norske vegar, og at dei kan vere klare for marknaden tidlegare enn vi trur.

– Fire-fem år fram i tid er signala vi får frå produsentane, så dette bør vi absolutt førebu oss på, for dette er noko som vil kome, seier samferdsleministeren.

Solvik-Olsen legg snart siste handa på Nasjonal transportplan, eit dokument som skal opp i Stortinget før sommarferien, og som er avgjerande for kva og korleis vegane våre blir utbetra.

Der vil han setje av eit hovudkapittel til denne typen ny teknologi

– Rett og slett fordi det gir oss moglegheiter i framtida som vi ikkje har hatt før. Vil dette endre heile måten vi tenker samferdsle på? Er det prosjekt vi bør skunde på, eller prosjekt vi ikkje treng i det heile teke? Det gjeld ikkje minst i byane, med kapasitetsutfordringane vi ser i dag.

Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen etter endt prøvetur med de nye førerløse bussene.

NØGD: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen testa ein førarlaus buss i Kongsberg i september. Kongsberg skal vere eit pilotområdet for å utvikle ny teknologi.

Foto: Louise Samnøy / NRK

Solvik-Olsen meiner at om sjølvkøyrande bilar er på plass om til dømes ti år, er det no vi må byrje å førebu oss.

Sjølvkøyrande bussar og betre utnytting av togspora kan føre til at fleire reiser kjappare og enklare kollektivt. Motorvegar kan måtte byggast annleis, og vegane må bli ryddigare og med meir teknologi.

Direktør ved transportøkonomisk institutt Gunnar Lindberg seier politikarane no lett kan kome til å bygge feil type vegar.

Dei neste åra skal det byggast veg for enorme summar over heile Europa. Berre her til lands skal det satsast fleire hundre milliardar i tiåra som kjem. Men på same tid vil bilar køyrt av datamaskiner utnytte vegbana meir effektivt, og gjere det enklare for folk å samkøyre.

Gunnar Lindberg

TRANSPORTFORSKAR: Direktør ved Transportøkonomisk institutt Gunnar Lindberg er spent på utviklinga dei nærmaste åra. Men framleis veit ingen sikkert kor raskt og kva følgjene av førarlause bilar kan bli.

Foto: TØI

– Du kan pakke bilane mykje tettare, du kan kanskje auke kapasiteten med tre-fire gonger. Det betyr at du kan investere mykje mindre i kapasitet på vegen framover, at ein ikkje treng å bygge desse store motorvegane bygd for trafikkvekst, seier Lindberg.

Lindberg trur at digre motorvegar kan vise seg å vere bortkasta.

– Eg trur det. Nye vegar skal ha ei livslengd på 40 til 60 år. Innan den tid vil førarlause bilar garantert vere det vanlege.

Men Lindberg er likevel usikker på kor raskt ting faktisk vil skje.

– Vi veit jo ikkje nøyaktig kor tid ting kjem. Det ligg truleg lenger fram i tid enn kva vi skulle tru ut frå debatten. Norske og internasjonale reglar må henge saman, vi må akseptere teknologien. Eg trur det vil gå 10 år før vi veit korleis systemet vil fungere.

Rushtid

KØ: Førarlause bilar skal kunne køyre raskare og tettare på motorvegane, og likevel tryggare. Dermed kan ein unngå kø. Dette biletet er tatt ein dag med togstans utanfor Oslo.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ketil Solvik-Olsen seier transportrevolusjonen kan endre kva vegar vi treng å bygge. Likevel er det ikkje aktuelt å avlyse dei store planlagde motorvegane.

– Eg trur framleis at trongen for infrastruktur i Norge er så stort at det å bygge meir veg i distrikta vil vi trenge uansett, så kan vi snart diskutere kor mykje meir veg vi treng i byane, dersom vi greier å utnytte kapasiteten betre. Då er det nok at vi heller må syte for at kollektivtilbodet blir betre og vi må legge endå betre til rette for bussen. Men derfor må vi og gjere noko med infrastrukturen.

South Korea Self Driving Car

NYSGJERRIG: Ein mann ser inn i ein førarlaus bil av merket Snuber ved ein køyredemonstrasjon ved universitetet i Seoul. Alt tidleg neste år vil denne bilen kunne bli testa i gatene i Seoul.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

Men også for bilbransjen kan dei førarlause bilane bli ein revolusjon, som kan truge bilmerka sin eksistens. Forskarar spår at førarlause bilar vil gjere at bilparken kan krympe ned mot 20 prosent av dagens storleik, men at dei bilane som er att vil brukast mykje meir. I dag står ein bil i ro i snitt 96 prosent av døgeret.

Gunnar Lindberg trur vi vil tenke annleis rundt det å ha bil i framtida:

– Det blir lettare å tenke på mobilitet som ein service ein får tilbod om, i staden for i dag der nokon vil selje deg ein bil. Ein del seier at det berre blir to bilmerke att. Det er klart at om ein ikkje lenger konkurrerer med eit bilmerke, men med ein service så vil ikkje folk bry seg om ein set seg i ein Audi, BMW eller Mercedes. Alle kjempar om å finne sin plass i dette systemet. Det er mange nye aktørar som tenker heilt annleis.

Google-bil

GOOGLE-BIL: Den tradisjonelle bilindustrien kan bli parkert av nye forretningsmodellar og teknologiselskap.

Foto: NOAH BERGER / Afp

Volvoforhandlar Lars Endre Gimmestad i Nordfjord går spennande tider i møte.

– Ein må stille spørsmåla om korleis vi posisjonerer oss i framtida, førebu oss og vere klar over kva som kjem.

For kanskje vil vi eige bilar på andre måtar i framtida, men likevel flytte oss meir enn nokon gong.

– Transportbehovet vil alltid vere der, folk treng å flytte seg, og køyretøy treng service. Eg er ikkje i tvil om at der er plass for oss, men vi kan måtte gjere ting på andre måtar, seier Gimmestad.