Hallvard og Eli Viken
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Gjorde telt til butikk

Då Audhild Viken starta vevstove på Skei i 1947 kunne ho knapt ha sett føre seg kva det vart starten til.

– Mor var ei driftig dame, det er det lite tvil om, seier Hallvard Viken, medan kona Eli nikkar.

71-åringen titulerer seg framleis som handelsmann, og har lite sans for titlar. Men at mora var ei føregangskvinne, det legg han lite skjul på.

– Ho var ein gründer. Sett i ettertid var det ganske utruleg at ho kunne setje i gang, seier Viken.

At naud lærer naken kvinne å spinne har mange erfart. I Audhild Viken sitt tilfelle var det så tett opp mot sanninga som ein kunne komme.

– Far fekk slag og vart ufør då han var i 50-åra. Mor sat med to søner og måtte snu seg rundt, for familien måtte ha inntekt, seier Viken.

Hadde grisar i kjellaren

Med livsmottoet:«Du veit ikkje kva du greier før du prøver, og det er utruleg kva du greier når du vil», vreid Audhild Viken hovudet for å finne ut kva ho skulle satse på.

Mellom anna dreiv ho ein kort periode med oppdrett av griser som næring i kjellaren, samt leigde ut delar av huset dei eigde til turistar frå Bergen.

Ho var ikkje redd for å satse, det er iallfall sikkert, seier Viken.

Men det skulle syne seg at det var røtene hennar som skulle bli kimen til noko stort.

Mora til Audhild, Olina Fossheim, var ei føregangskvinne i husflidsarbeidet i Jølster. Ho hadde stor kunnskap om tradisjonell klednad, vovne åklede og løparar. Mykje av kunnskapen formidla ho vidare, noko som var ein medverkande årsak til at Audhild held fram med å ta vare på og hjelpe til med å spreie husflidstradisjonane. Men det starta i det små.

Under andre verdskrigen hadde det vore lett å få omsetnad for husflidsprodukt, men på byrjinga av 1950-talet tok dette slutt. Vevstolar vart ståande tomme og ferdige husflidsprodukt vart ofte liggjande på loft og i kjellarar.

Sykla rundt og selde husflidsartiklar

Audhild Viken drog rundt og selde husflidsartiklar, først på sykkel i Bremanger-traktene. Ettersom Audhild farta rundt, skjønte ho at det var ein marknad for produkta, og dermed var Audhild Vikens Vevstove skapt.

– I byrjinga var det vevstova, men så vart det etter kvart heimearbeid. På 1950- og 1960-talet auka det på. Mamma fekk lån på 10.000 kroner i banken, for banksjefen hadde tru på ho. 1.600 kroner brukte ho på å kjøpe seg moped, og då vart det lettare å komme seg rundt, seier Viken.

Resten av pengane brukte Audhild til å investere i garn. På det meste hadde Audhild 200 kvinner som produserte husflidsvarer for Audhild Viken.

– I 1957/1958 tok mor sertifikatet, noko som slett ikkje var vanleg for kvinner på den tida. Det var eit kvantesprang for å komme seg rundt. Då drog ho rundt på Vestlandet og selde varer. Seinare tok ho til å selje til forretningar og deltok på messer, fortel Viken.

Svigermor og svigerdotter

GJÆVT: Her er svigermor Audhild Viken og svigerdotter Eli Viken foreviga. Eli som kronebrur.

Foto: privat

Laga provisorisk utsal

Som 18-åring var Hallvard Viken i 1962 på ferietur til Danmark med to kameratar. Då han kom att den sommaren, hadde mor Audhild teke grep. No skulle det bli butikk. Om enn i det små.

– Ho hadde laga utsal på Skei. Det var rimeleg provisoriske greier, men det var eit utsal. Då eg kom att, kasta eg meg med. Mamma kunne ikkje noko særleg med framandspråk, så der trengde ho meg, ler Viken.

Han heldt fram med å hjelpe mora i utsalet. Men framleis berre som sesongbedrift, med turistane som hovudmål.

Viken enda etter vidaregåande skule i Bergen der han tok Handelshøgskulen. Då han var ferdig der, jobba han fem år som lærar ved Lindås gymnas. Tilbake i Sunnfjord, jobba han ti år som lærar ved Handelsskulen.

– Vi heldt framleis på med sommardrift, men eg forstod at vi ikkje kunne halde på slik. Så då tok eg eit val, seier Viken.

Omsette for 130 millionar i 2014

Med på laget vart også kona hans, Eli Viken, og dermed vart det fullt fokus på butikkdrift på Skei.

– I 1970 bygde vi første salshytta og gjekk over til heilårsdrift. Sidan har det gått slag i slag, og siste utbygginga vår var i 1999, seier Viken, og ser rundt seg i dei store lokala på Skei.

Men Audhild Vikens Vevstove vaks seg snart ut av vesle Jølster. I 1987 starta dei den første butikken utanom i Handelshuset i Førde. Sidan følgde butikk i Bergen i 1993 og i Geiranger i 1996.

I dag er butikken, no under namnet Audhild Viken og konseptet Ting, å finne både i Oslo, Stavanger, Bergen, Førde, Skei, Geiranger, Dombås, Trondheim og Tromsø. Totalt 20 butikkar, med ein samla omsetnad i fjor på vel 130 millionar kroner.

Ikkje heilt uventa har sønene Harald og Audun gått i foreldra og bestemora sine fotspor. Busette i Bergen er dei begge involverte i drifta av selskapet på fulltid.

Julekuler av det gamle slaget

IKKJE LEI: Trass i at det er jul året rundt i eine delen av butikken på Skei, gler Eli Viken seg framleis til jul. – Men eg pyntar kanskje mindre no enn før, legg ho til.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Tredje generasjon er inne i drifta

Audhild Viken døydde i 2000. Då hadde ho rukke å få både fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 1988 og Kongens fortenestemedalje året etter. Samt sjå at det grodde i fotspora hennar.

– Eg trur ho tykte det var kjekt at det vaks som det gjorde, seier Viken.

Han og kona Eli held framleis ei stø hand på butikken på Skei der alt starta. Det vareutvalet som Audhild Viken bygde opp butikken sin på, minkar det stadig på.

Nye trendar gjer til at smaken til folk endrar seg, og slik må det vere. Men eitt vareslag ser ut til å halde seg stabilt godt. I ein ende av lokalet er det jul heile året. Julebutikken kom til som eige konsept i 1991. Mest fordi turistane spurde etter norske julevarer sommarstid.

– Då vi starta, var vi spente på om vi ville få negative tilbakemeldingar, for folk meiner jo ofte at butikkane startar jula litt for tidleg. Men det har vore forbausande lite, seier Hallvard Viken.

Og kona Eli er streng. Sjølv om det er jul heile året i julebutikken, så høyrer julemusikken desember til.

– Ja, der set eg ned foten. Det er meir stas også når ein ikkje høyrer det heile året, seier Eli Viken.