Hopp til innhold

Er dette landets største fjøsnisse?

Det er ikkje ein kva som helst fjøsnisse som har flytta inn på garden til Frode Grinde på Sandane.

Fjøsnissen på Sandane

STORVEGES TIL JUL: Denne fjøsnissen skal få passe på dyra i fjøset til Frode og far Sigmund Grinde (bildet) denne jula.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg trur ikkje eg skal seie kva eg sa då eg fekk nissen, for det var nokre stygge gloser, seier eigaren av fjøsnissen.

Grinde vann den 7,5 meter høge oppblåsbare nissen på eit lotteri, og vart ganske så overraska. Det skulle ikkje ta lang tid før han fekk tilbod frå folk som vil kjøpe nissen.

– Det har tatt litt av etter at eg la ut bilete på Facebook. Fleire lurte på kor eg hadde fått tak i nissen, og eit par stykkar har spurt om å få kjøpe den. Det er moro at eg har fått så mykje respons, seier han.

Men enn så lenge står fjøsnissen trygt i fjøsveggen og passar på dyra.

– Det var litt fram og tilbake med å få han opp, men det gjekk til slutt. No står han bunden fast, trygt og lunt ved fjøset.

No ventar han berre på at sonen skal kome heim til jul neste veke og forhåpentlegvis bli ein smule overraska over den nye fjøshjelpa.

Fjøsnissen på Sandane

HARD KONKURRANSE: Sigmund Grinde klarer ikkje måle seg med nyinnflyttaren på garden.

Foto: Benedikte Grov / NRK