Hopp til innhold

– Eg tykkjer det har teke heilt av med tidleg jul

Suksessforfattar Maja Lunde likar seg best med ski på beina, medan Odd Nordstoga påstår at han ikkje er så oppteken av tradisjonar. Slik feirar nokre av årets personlegheiter jul.

Maja Lunde på skitur i jula

SKITUR: Maja Lunde har teke turen ut i snøen andre juledag.

Med boka «Snøsøsteren» har forfattar Maja Lunde skrive den mest selde boka i 2018, og ho er også seld til fleire andre land.

– Det kom veldig overraskande på meg, for eg trudde at eg hadde skrive ei ganske smal bok. Eg såg føre meg at det skulle bli ein roleg haust, men så plutseleg eksploderte det, seier Lunde.

Sjølv om det vart ein travel haust, var det ikkje noko problem å kome i julemodus.

– For meg er det maksimalisme som gjeld når det kjem til jula. Eg elskar julepynt, og alle romma skal pyntast.

Andre juledag har ho kome seg ut av byen og ut på ski.

Odd Nordstoga ikkje så oppteken av tradisjonar

For musikar Odd Nordstoga har oppladinga til jula vore ein stor juleturne i lag med Det Norske Kammerorkester.

– Det har vore fantastisk, men det er klart det kan bli litt juleoverdose.

I samband med turneen spelte han inn ei plate med julemusikk allereie i sommar, og sidan har det gått mykje i jul.

– Det var jo 25 varmegrader då vi byrja å spele inn «Det hev ei rose sprunge», og det har jo vore fullt køyr med promotering av plata i både september oktober. Det er klart det blir litt mykje jul, humrar Nordstoga.

– Er det viktig for deg å halde på tradisjonane?

– Nei, eg veit no ikkje akkurat det. Men det er no slik med jula at ho ofte er slik ho var i fjor. Det pleier uansett å bli slik, og det kan vel vere slik for dei fleste kanskje.

Og nokre tradisjonar har musikaren. Til dømes vert ikkje juletreet pynta før på sjølve julaftan.

– Eg tykkjer det har teke heilt av med jula, og alt skjer veldig tidleg. Det er eit trekk med oss moderne menneske at ein ikkje klarer å vente på noko. Det kan vere fint å vente, og difor gjer vi det slik heime hjå oss.

Odd Nordstoga

TRADISJONAR: Odd Nordstoga vil ikkje ha på seg at han er veldig oppteken av tradisjonar, men må likevel innrømme at jula blir ganske lik kvart år.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

– Sjå mot himmelen i jula

Verdame Eli Kari Gjengedal brukar jula i fjellet rundt Geilo, og har fått rikeleg med snø til å teste dei nye skikleda sine.

– For meg skal det vere snø i jula, for då eg var lita hadde vi nokre veldig snørike vintrar i Leikanger. Skal du vere sikker på å få snø i dag, må ein jo reise til fjells.

Juletipset hennar er å sjå mot himmelen når ettermiddagslyset kjem fram.

– Då kan fargane på himmelen og i skyene vere like fine som julepynten inne.

Eli Kari Gjengedal

NYE SKIKLEDE: Eli Kari Gjengedal har fått seg nye skiklede til jul.

Foto: Privat