Bjørge i ei grøft

OPEN GRØFTEKANAL: Ulvik ved sida av ei grøft som framleis er godt synleg.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Framtidsbonden

HELLEVIK I FJALER (NRK): Bjørge Ulvik har grave 2600 meter grøft for å driva landbruk i eit stadig våtare og villare klima. Andre bønder må følga etter i tida som kjem.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Leigejorda har vore litt vassjuk. Med dei endringane som skjer i klima måtte me gjera tiltak for å kunna slå og hausta graset på skapleg vis.

Fram til i fjor var Bjørge Ulvik maskinførar, men no er både han og kona bønder på heiltid, og begge tar agronomutdanning på si.

Dei er relativt ferske bønder, men det er ikkje små tak som er gjort etter at dei tok over heimgarden og leigejorda på Holt gard, kor det er grave 2600 meter med grøft.

Arve Arstein i Norsk landbruksrådgiving fortel at Ulvik held til i eit særleg klimautsett område, men er likevel klar på at fleire må gjera som Ulvik.

– Om ikkje blir det masse areal som går ut av drift fordi ein ikkje kjem seg fram med utstyret.

No er norske landbruksorganisasjonar i full gong med å førebu bønder på dei kommande klimautfordringane, og det på gardsnivå.

Dronebilde Holt gard

SYNLEGE GRØFTER: Dette dronebildet viser korleis leigejorda til Ulvik såg ut tidlegare i år.

Foto: Kenneth Solvik / Entrepenørservice AS

Klimabesøk på alle gardar frå 2017

– Me jobbar med å få eit system for klimarådgiving på kvar enkelt gard, seier Lise Boeck Jakobsen, kommunikasjonssjef i Bondelaget.

Det startar opp som eit prøveprosjekt i 2017 på nokre gardar i Hordaland, Østfold og Hedmark, så reknar ein med å innrullera alle gardar etter kvart.

Prosjektet går ut på å få eit klimarekneskap på den enkelte garden, og å sjå på tiltak som ein må gjera for å tilpassa seg klimaendringar.

Dette vil blant anna handla om korleis ein fôrar dyra, korleis ein drenerer jorda, og kva maskiner ein bruker på jorda, supplerer Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Bjørge og ei grøft

MYKJE ARBEID: Dreneringsarbeid er tid- og ressurskrevjande, men må til, seier Ulvik

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Boeck Jakobsen fortel at ein også arbeider med å utarbeida ein flaumveileiar for tida. Denne skal læra bønder om flaumførebygging. Førebels er det dei aukande nedbørsmengdene som blir problematisert mest i landbruket når ein snakkar om klimaendringar, og det er ikkje utan grunn.

– Råd me gir i dag handlar særleg om det å førebu seg på store nedbørsmengder, som det har vore nokon situasjonar med dei siste åra, seier Boeck Jakobsen.

Ho siktar blant anna til flaumen i Lærdal i 2014, som førte til store skader. Men ho er klar på at landbruket også førebur seg på andre kommande klimautfordringar.

Flaum - Lærdal

FLAUM: Det blei store øydeleggingar i Lærdal under flaumen i 2014.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei seinare åra har ein blant anna tenkt mykje på utvikling av planter som kan vera motstandsdyktige mot nye dyr, insekt og sjukdommar som kjem inn i landet som følge av det stadig varmare klimaet.

– Me set av midlar til sortsutvikling kvart år.

Meir, men vanskelegare matproduksjon

– I sum for verda vil ikkje klimaendringane vera bra for landbruket, sjølv om ein kanskje vil kunna produsera meir mat i Noreg, seier Anders Felde.

Han meiner at dei sørlege delane av verda kjem til å produsera mindre mat i framtida som følge av klimaendringane. Men at til dømes Nord-Europa truleg vil produsera meir.

Det mildare klimaet gjer at ein får lengre vekstsesong, men dei aukande nedbørsmengdene fører til at ein får mindre tid til å gjera under slåttarbeid. Dette fører til at ein må ha meir og betre utstyr.

– Maskinkostnadar kan då bli noko høgare fordi ein må ta høgde for at ein får gjort det ein skal i løpet av kort tid, seier Felde.

Bjørge Ulvik

SATSAR: Den ferske heiltidsbonden køyrer mest moderne i fylket, skal ein tru Arstein.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Sjølv om Felde trur at ein vil kunna produsera meir mat i Noreg som følge av klimaendringane, trur han at produksjonen kan bli vanskelegare.

Arve Arstein frå Norsk Landbruksrådgiving er einig i at eit mildare klima kan vera eit tviegga sverd.

– Mange bønder har prøvd å utnytta den vekstsituasjonen som me har no, som er så mykje lenger. Det har blitt nokre spede prøveår, og så har ein gitt seg fordi det blir for vått på ettersommaren.

Arve Arstein og Bjørge Ulvik

GRODD IGJEN: Grøftene som var ferdige i mai er ikkje så enkle å finna igjen for Arstein utan bildehjelp.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Enormt etterslep i Sogn og Fjordane

Bjørge Ulvik har fått mykje hjelp frå foreldra sine under grøftingsarbeidet. Dei har drive leigejorda i 10–12 år før han, og kunne derfor fortelja han kor det måtte grøftast.

Han starta arbeidet i januar og var ferdig i mai. No er grøftene nesten ikkje synlege, men nokre dronebilde som Ulvik viser fram tydeleggjer kor omfattande arbeidet har vore.

Arstein trekk Ulvik fram som eit føredøme, og fortel at det er eit enormt etterslep på dreneringsarbeid i heile fylket. Han trur det berre er eit tidsspørsmål før fleire må kasta seg på, og få kontroll på vatna på areala sine.

– Jorda si bereevne er pressa, og dess meir nedbør ein får, dess svakare blir bereevna. Grøftingsarbeid styrkar bereevna og skaper betre forhold for plantevekst, seier han.

Arstein presiserer at området som Ulvik driv jordbruk på er særleg utsett for endringar i klima, og forklarer at dette kjem av at den ytre delen av fylket allereie har mykje nedbør og veldig moll- eller humusrik jord. Ein slik kombinasjonen kan gjera det vanskeleg å køyra ut på bøane.

– Klima påverkar Bjørge meir enn ein bonde i Stryn. Det er heilt klart.

Ser på jordet

UTFORDRANDE JORD: Ulvik satsar på eit vanskeleg område, men ønsker å leiga jorda på Holt lenge.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Berre å drenera meir

Bjørge Ulvik har valt vekk livet som maskinførar, og satsar stort som bonde i eit område kor det er tøft å driva jordbruk. Men han ser ikkje ut til å angra seg. Han får skryt frå Arstein, som er imponert over Ulvik sin arbeidsmoral.

– Bjørge er ein tøffing som satsar stort i eit område kor det er vanskeleg å driva med store maskiner ute på bøane. Det er derfor han gjer dreneringsarbeid no, for å kunna køyra utpå og hausta foret sitt.

Ulvik fortel at han er avhengig av avlinga frå leigejorda som han står på, ettersom han har mange munnar å metta i fjøset. Til trass for utfordrande jord, håper han på å leiga jorda i rundt 20 år til, og han verkar ikkje særleg bekymra for det stadig mildare klimaet.

– Om det kjem meir nedbør med tida er det berre å drenera meir, for det kjem alltid opp noko nytt. Sjølv om me har gjort det bra her, har me kanskje ikkje gjort det så bra ein annan plass. Så då må me berre ta det ein annan gong.

Bjørge og Arve går

LYS FRAMTID: Ulvik ser lyst på framtida som bonde, og er innstilt på å drenera meir når det blir behov for det.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK