Leksetid
Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Eg vil gjerne følgje med på kva ho lærer

I botn og grunn vil både «Leksefri familie», lærarane og foreldra at skuleborna skal få eit best mogleg tilbod. Metodane deira er berre litt forskjellige.

– Det er veldig vanskeleg det her, for til sjuande og sist vil jo alle at barnet deira skal få det beste tilbodet, seier Marie Hagen frå Førde. Dottera hennar, Thea, starta i fyrste klasse denne hausten.

Som fersk forelder for fyrsteklassing har ho følgt godt med på debatten om leksefri dei siste vekene. To fedrar frå Rogaland har starta rørsla «Leksefri familie» for å få slutt på leksene.

– Lese- og skriveferdigheiter er så viktig for alt ein skal lære seinare i livet. Då må ein ha mengdetrening, noko eg ikkje trur ein får nok av berre på skulen, seier ho.

– Eg håpar eg får vere ein ressurs både for Thea og lærarane hennar no som ho har begynt på skulen og skal lære seg å lese.

– Eg kan lese! seier Thea, tydeleg fornærma. – Eg les overalt!

– Kanskje du kan gjere litt lekser no? spør mor.

Thea nikkar og set seg til rette med mattebøkene.

– Gjennom lekser får du følgt med barnet gjennom læring og utvikling. Eg vil støtte opp om det ho skal lære når ho kjem heim att, seier Marie.

Vil gjerne følgje med

– Det er kjempespennande å vere vitne til at ho klarar å gjere om bokstavar til ord, og så formulere det om til ei setning, held ho fram.

Ho likar å følgje med på kva dottera lærer.

– Eg har ikkje erfaringsgrunnlag til å seie at leksefri skule definitivt er feil, men slik eg står i dag er eg positiv til heimelekser. Det er like nytt for meg som for ho, og då vil eg gjerne følgje med på kva ho lærer på skulen.

Samstundes vil ho støtte og motivere.

– Eg trur at støtte og engasjement frå meg vil motivere henne, og skape eit godt grunnlag for det ho skal lære vidare i skuletida.

Ho meiner at det må vere god dialog mellom lærar og forelder frå fyrste stund.

– Lekser skal vere repetisjon av det dei har lært på skulen, men det høyrer eg frå andre foreldre at det ofte ikkje er. Då må ein gå i dialog med læraren og kome til semje. Det er nok forferdeleg vondt å sitje i to timar og føle at ein ikkje kjem nokon veg med leksene.

– Eg er ferdig! ropar Thea, og viser til arket som er fullt av tal.

135 familiar mot lekser

Førre veke gjekk to av initiativtakarane bak «Leksefri familie» ut i media for å rekruttere fleire familiar. Anita Viste Eskeland og Roger Sjursen frå Hjelmeland i Rogaland er blant foreldra som ville ta opp att debatten om heimelekser.

Dei har oppretta ei Facebookgruppe for alle kommunane i landet. Av dei 26 gruppene her i fylket, er det berre gruppa for Aurland som har fått to nye medlemmer. På landsbasis er dei no 135 familiar som står med samla front mot leksene.

Tanken bak «Leksefri familie» er at foreldra sjølv ønskjer å kunne bestemme om borna deira skal gjera lekser eller ikkje. Dei skal informere sine respektive skular om at borna deira ikkje kjem til å gjere heimelekser frå hausten 2016.

Lekser er viktig

Tom Wergeland jobbar som lærar på Trudvang skule i Sogndal. Han meiner det eigentlege føremålet med lekser er misforstått.

Tom Wergeland

FOR LEKSER: Lærar Tom Wergeland meiner at leksene lærer born struktur og ansvar.

Foto: Privat

– For barneskulen er det lekseplanar frå dag til dag, sidan dei ikkje er heilt klare for å planlegge veka si. Men på mellomtrinnet og ungdomsskulen får elevane lekser dei skal disponere utover ei veke. Då må dei lære seg å halde styr på ting, seier Wergeland.

Han meiner difor at ein lærer langt meir av å gjera lekser enn sjølve faget.

– Når du begynnar å arbeide må du ha struktur og orden. Med ein leksefri skule ville eg tru du er litt mindre budd på vaksenlivet.

Han meiner at både skulen og foreldra har ansvaret for at leksene ikkje skal bli ei byrde.

Han forstår likevel at det kan vere problematisk med lekser ved dei skulane der opplegget ikkje følgjer dei enkle retningslinene.

– Det er mykje dårleg praksis rundt lekser. Nokon gir for mykje og for vanskeleg, og legg opp til at foreldra må hjelpe. Slik skal det ikkje vere, seier Wergeland.

Skal berre vere repetisjon

Læraren meiner at elevane eigentleg skal vere i full stand til å gjere heimelekser utan hjelp.

– Leksene skal berre vere ein repetisjon av det eleven allereie kan, og dermed noko han kan gjere på eiga hand, held Wergeland fram.

Han oppmodar lærarar og foreldre til å samarbeide tettare.

– Det viktigaste er dialog med heimen. Læraren må høyre på dei, og ta nokre grep viss det er problem. Ein må ta omsyn både til dei som synest det er vanskeleg, og til dei som synest det er for lett, seier Wergeland.

– For elevane på barneskulen skal leksene ta maks ein halvtime. På mellomtrinnet og ungdomsskulen bør det ikkje gå over ein time.

Når det gjeld fritidsaktivitetar har han ei klar oppmoding.

– Nokon barn er med på altfor mykje. Foreldre må vere flinke til å avgrense og gi borna fritida dei treng – utan å skulde på leksene.

Ikkje ute etter å ta lærarane

– Vi har oppnådd det vi ville, nemleg å peike på lekser som fenomen, seier initiativtakar for «Leksefri familie», Roger Sjursen. Han jobbar til dagleg som vernepleiar i Hjelmeland kommune i Rogaland, og har barn både på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande.

Roger Sjursen

LEKSEFRI FAMILIE: Roger Sjursen frå Hjelmeland er skeptisk til kor stor effekt leksene har.

Foto: privat

– Det har gått i eitt i både kommentarfelt og i media. Vi har fått mange innspel på mail og på Facebook. Meiningane er veldig delte, slik vi rekna med dei ville vere, seier han.

Han ser helst at foreldra sjølve skal få ha eit ord med i laget.

– Vi håpar dette kan føre til at lekser blir meir individuelt. Foreldre bør bli sett på som kompetente når det gjeld å vurdere kva borna deira er i stand til og ikkje.

Han påpeiker at alle er forskjellige, og at det ikkje nødvendigvis er slik at det som fungerer greitt for éin elev fungerer like greitt for ein annan.

– Det er mykje synsing om kva lekser har slags effekt. Eg håpar dette fører til grundigare målingar av kva resultat det faktisk gjev, seier han.

Han beskriv «Leksefri familie» som ein protest mot at lekser blir halde på av prinsipp i staden for på grunnlag av forsking.

– Det er viktig for oss å understreke at vi ikkje er ute etter å ta lærarane. Mange av dei ønskjer å leggje til rette for borna, og det er bra, seier Sjursen.

Foreldra vil borna vel

Men, trass i at det finst lærarar med gode intensjonar, fortel han at det er ein god grunn til at rørsla har oppstått.

– Viss det faktisk hadde vore slik at borna sat i maks ein time med lekser overalt, ville vi ikkje eingong tenkt på å starte «Leksefri familie», seier Sjursen.

Han er oppteken av å formidle at dei ikkje er ein organisasjon som kjempar mot skulen. Dei krev berre eit sjølvstendig val for kvar familie.

– Vi informerer skulane våre om at vi frå hausten 2016 er ein leksefri familie, seier Sjursen.

Han veit godt kvifor dei har fått med seg fleire.

– Fleire foreldre har sagt at når dei har prøvd å prate med skulen om at barnet deira slit med leksene, blir ansvaret lagt på dei sjølve. Det er eit stort problem. Dei ber om tilrettelegging, men får i staden beskjed om at dei sjølve må bli flinkare til å hjelpe heime, seier Sjursen.

Han ber folk tenke over at tilrettelegging er til barnets beste.

– Foreldra vil barna vel. Det er ikkje berre ein protest mot "dei dumme på skulen", seier han.

Thea gjer lekser

ENGASJERT: Thea Emilie Hagen Kjelsnes gjer matteleksene sine.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Ønskjer at leksene skal bli individuelle

Tilbake på kjøkenet hjå Marie og Thea i Førde sit dei og ser over matteleksene.

– No har ho berre gått på skulen i nokre månadar, men ho synest det er spennande å ta med leksene heim. Ho vil gjerne vise oss kva ho har gjort og kva ho skal gjere.

Det har blitt noko felles for familien frå Førde. Dei samlast rundt leksene.

– Kvar tysdag har ho med seg ei bok heim. Den les vi saman, og det har blitt noko vi gler oss til heile gjengen, seier Marie.

Ho ser likevel saka frå begge sider, særleg når det gjeld å gjere leksene meir individuelle.

– Eg ser skular som har leksefri kjem ut med gode resultat. Og eg er heilt einig i at lærar og forelder må gå i dialog der det er behov. Det er viktig å hugse på at alle er forskjellige og lærer på forskjellige måtar, og då må vi kome fram til den løysinga som gjev mest og best læring for kvar og ein, seier ho.

Kva framtida på skulebenken vil bringe for dottera er det ingen som veit, og Marie er budd på at meiningane om lekser kan endre seg.

– Det kan godt hende at eg endrar syn etter kvart som ho blir eldre og større utfordringar kjem. Men eg har lyst til å vere der og følgje med. Eg er som nemnt veldig interessert i å vite kva ho lærer på skulen, og då tenkjer eg at leksene er ein fin inngangsport.