– Dette er ikkje eit opprør mot verken skule eller lærarar, dette er eit oppgjer med ein tradisjon som det viser seg har veldig liten effekt, seier initiativtakar Roger Sjursen frå Hjelmeland.
Om elevane skal sleppa heimelekser og effekten av leksene er mykje debattert. Det nyaste tilskotet i debatten er kampanjen «Leksefri familie».
Foreldra meiner dei sjølv har rett til å bestemma om deira born skal ha heimelekser eller ikkje.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Sender infobrev til skulen
– Dersom me tek eit enkelt reknestykke og reknar ein time med lekser om dagen i 10 år, då blir det 1520 timar. Det er rett oppunder eit årsverk. Det fekk meg til å tenka: Kva held med eigentleg på med, dersom dette ikkje fungerer? spør Sjursen.
Dei har no laga lokale nettsider i alle landets kommunar. Slik skal den landsomfattande aksjonen etter planen breia om seg.
– På nettsida ligg det eit informasjonsskriv foreldra kan senda til skulen der dei gir beskjed om at familien vil vera leksefrie frå hausten 2016, seier Anita Viste Eskeland.
– Så de vil ikkje spørja skulen først om dette?
– Nei, for det finst ingen lov som seier at ein må gjera lekser. Dette vil me informera skulen om, seier Eskeland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Skulen bestemmer
Men hjå Fylkesmannen kan dei fortelja at det ikkje er så lett som foreldra vil ha det til.
– Foreldreaksjonen har rett i at det ikkje er nokre eigne heimlar for lekser i opplæringslova, men det er lagt til grunn at det er skulen som bestemmer om dei vil ha lekser eller ikkje. Det er ikkje frivillig for kvar enkelt elev om dei vil gjera lekser, seier Sølvi Ona Gjul, utdanningsdirektør hjå Fylkesmannen i Rogaland.
Og statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Birgitte Jordahl, utdjupar:
– Eg trur nok ikkje den måten å gjera det på ville heldt i retten. Det er opplæringsplikt i Noreg, og når ein gir den offentlege skulen ansvaret for opplæring, må dei også ha fullmakta til å definera korleis det skal gjerast, seier Jordahl.
– Kva kan foreldra gjera om dei vil bli kvitt lekser?
– Eg tykkjer foreldra skal engasjera seg i skulearbeidet og kva som gir mest læring, og då må ein gå inn i ein god diskusjon med skulen og læraren. Då trur eg dei kan bli samde om gode måtar å organisera dette på. I enkelte tilfelle ser me at skular vel å ikkje ha lekser som ein del av det pedagogiske opplegget.