Av:
Ho seier til TV2 at ho vil setje i gang ei utgreiing om gratis ferje, og at det første steget er å sjå på rabattsystemet.
Ho vil førebels ikkje ut med kva strekningar som er mest aktuelle, men viser til røynslene frå Sverige, der det er gratis å ta riksvegferjer.
Sogn og Fjordane Senterparti fekk gjennomslag for omfattande satsing på samferdslepolitikk på partiet sitt landsmøte i mars i år.
Fekk med landsmøtet
Gjennom ei stor distriktspakke ville partiet investere meir i drift og vedlikehald av vegar, gratis ferjer og meir rassikring.
Liv Signe Navarsete, som også er nestleiar i partiet, sa den gongen at dei hadde sett seg særs ambisiøse mål som ho meinte det var mogleg å gjennomføre.
Betalte ferjer for veljarane
Då partiet opna valkampen i 2003, var Liv Signe Navarsete med på å betale ferjebilletten til alle passasjerane på Anda-Lote ein føremiddag. Då lova Senterpartiet gratis riksvegferjer i heile landet og hadde kalkulert det til halvannan milliard kroner.