Rundt midnatt melde politiet i Nordfjordeid om at brannen i naustrekkja på Sjøgata var sløkt. Då hadde brannfolk frå Nordfjordeid og forsterkningar frå Stryn kjempa mot flammane i to og ein halv time med vatn og motorsag.
Brannen vart meldt tysdag kveld rundt klokka 21.30. Då vart det observert røyk frå taket på fleire av nausta.
Då naudetatane kom til staden, kom det kraftige flammar frå taka på rekkja med båthus.
På det meste sto mellom 10 og 15 naust i brann.
– Det brenn kraftig på staden og heile naustrekkja står i fare for å brenne ned, skreiv politiet på Twitter.
Tre-fire båtar og mange naust gjekk tapt i brannen.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKEksplosjonsfare
Det vart tidleg klart at det ikkje skulle vere folk i nausta, men på grunn av fare for eksplosjon, var det oppretta ei tryggingssone.
Faren for at eventuell propan kunne eksplodere, gjorde at det vart oppretta ein tryggingssone, og folk vart evakuerte i ein radius på 300 meter, fortel politiet sin innsatsleiar, Roger Gundersen.
Innsatsleiar Roger Gundersen i Nordfjordeid.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKFleire nabobygningar vart og evakuerte på grunn av tjukk røyk som låg over heile sentrum av Nordfjordeid. Folk vart oppmoda til å halde vindauga lukka og skru av eventuell ventilasjon.
Eit treningssenter, drosjesentralen og dei næraste bustadane vart tømde for folk.
I alt 15 personar vart evakuerte. Det er ikkje meld om skade på personar.
Fleire naust er totalskadde.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKBrukte motorsag
Ifølgje politiet gjekk tre-fire båtar tapt i brannen. Fleire av nausta er totalskadde.
Gundersen fortel at sidan nausta var låste med hengjelåsar, måtte brannfolka ta seg inn med motorsag. Dermed fekk deg laga ei vassgate mellom husa og stansa brannen.
Ei stund såg det ut til at brannen kunne spreie seg til ei naborekkje med båthus, men det klarte brannfolka å avverje.
Brannen har starta i eit av nausta, men det er for tidleg å seie sikkert kva som er årsaka, seier Gundersen til NRK.