Hopp til innhold

Vurderer å trekke seg frå kystkommunealternativet

SVELGEN (NRK): Det er eit ope spørsmål om Bremanger blir med vidare i prosessen med å etablere ein kystkommune.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

TVILAR PÅ SAMANSLÅING: Audun Åge Røys (H) er ordførar i Bremanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Prosessen med samanslåing av kommunar held fram med full tyngde i Sogn og Fjordane. Måndag var representantar frå kommunane Bremanger, Flora og Vågsøy samla i Svelgen for å diskutere planane for ein kystkommune.

– Det er interessant å vere med i diskusjonane, og det er alltid nyttig å snakke med naboen, seier Audun Åge Røys, som er ordførar i Bremanger.

Men om det er aldri så kjekt med ein naboprat, så er interessa i Bremanger heller lunken når det kjem til meir forpliktande avtalar. Røys opna møtet med å fortelje at han hadde fått kjeft for at han i det heile tatt hadde vore med å på samtalane.

– Eg har fått kritikk, ja. Det var dei som meinte eg var i ferd med å slå Bremanger i hop med naboane utan å ha mandat til det, noko som ikkje er tilfelle.

Skeptiske til samanslåing

– Vi er positive til samarbeid, men skeptiske til kommunesamanslåing.

Nokså talande for situasjonen var det nok at Bremanger-ordføraren under møte måndag, bad om at kommunevåpena ikkje måtte vere på framsida av delrapporten, fordi det kunne gi inntrykk av at ein var på veg inn i ei samanslåing.

–Det var det kommunestyret som sa, og det måtte eg berre følge opp, seier Røys.

Møte i Svelgen om kystkommune

MØTE OM KYSTKOMMUNE: representantar frå Vågsøy, Flora og Bremanger samla i Svelgen for å diskutere samanslåing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kan kome til å hoppe av

– Det er ei ope spørsmål om vi blir med vidare. Vi har ikkje fått noko mandat, og politikarane i Bremanger er nok av den meining at vi klarar oss best åleine, seier Røys.

– Når skal de bestemme dykk for kva de skal gjere framover?

– No skal vi ha formannskapsmøte i neste veke. Då skal vi diskutere om vi skal vere med på det felles formannskapsmøtet den 4. februar.

– Korleis ser du for deg at det skal gå vidare, når Bremanger er så lunkne som de er, og dei andre er meir positive til samanslåing?

– Det kan bli eit problem, eg er i tvil om at det blir noko kommunesamanslåing.

Stortinget har opna for å slå kommunar saman med tvang, men det fryktar ikkje Røys skal skje med Bremanger.

– Nei, det kan eg ikkje sjå føre meg. Vi har utfordringar med kommunikasjon både intern og mellom kommunane så eg kan ikkje sjå føre meg noko tvangssamanslåing.