Hopp til innhold

No har vi trekt tre heldige vinnarar

Vi fekk fleire flotte bilete frå lesarane våre gjennom påska. No har vi trekt tre heldige vinnarar som får kvar sin premie.

Påske
Foto: Jan Christian Jerving

NRK Sogn og Fjordane takkar så mykje for kvart einaste bilete vi fekk inn i løpet av høgtida. Vi plasserte mellom anna DAB-radio, krus og sekk på premielista. Og dei heldige vinnarane vart til slutt:

Påskeegg i Angedalen

PÅSKEEGG: Sjølv om vêret ikkje var allverda, så ser det ut til at hønene i Angedalen kom i påskestemning.

Foto: gryhu

Gry Ulltang, Førde

  • som brukte #nrksf på Instagram då ho publiserte bilete av påskeegga til hønene på Angedal gard. Vi sender ein sekk med krus.
Påskebilete frå Nave

SEKK: Finn Humborstad frå Bryggja får ein sekk med krus frå oss for dette biletet.

Foto: Finn Humborstad

Finn Humborstad, Bryggja

  • som sendte oss epost av ei «lokal solformørking» på Nave. Også han frå ein sekk med krus.
Solnedgang på Kvalheim

BLINKSKOT: May Britt Husevåg sendte oss dette biletet frå Kvalheim.

Foto: May Britt Husevåg

May Britt Husevåg, Deknepollen

  • som sendte oss eit blinkskot av dei sjeldne frå solnedgangen på Kvalheim. Ho får både ein sekk og ein DAB-radio.

Les også: Slik tek du betre mobilbilete på tur

Det er fleire måtar du kan dele dine påskebilete med oss:

  • Instagram – merk bileta med emneknaggen #NRKSF og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med på biletkartet vårt
  • Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
  • Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • Bruk epost sffoto@nrk.no

På vegen kan du også få nokre heilt enkle tips om korleis du kan ta betre bilete:

  • Gå nærare det du skal ta bilete av
  • Ikkje ta bilete mot sola
  • Ta bilete av noko anna enn maten du har med deg
Eirik Volent gir deg fototips

SLIK FÅR DU GODE BILETE: Her er godt fototips

Instagram Sogn og Fjordane

Her kan du sjå alle bileta merka med #nrksf

Laster innhold, vennligst vent..