Hopp til innhold

Vinteren flyttar ikkje ut, så gjestene får ikkje flytte inn

JØLSTER (NRK): Medan nokre framleis kosar seg med vinter, har det evige snøvêret også ført til utfordringar.

Kristine Hjelmbrekke slit med å tine fram hyttetomter på Vassenden

HO ER DESPERAT ETTER VÅR: Kristine Hjelmbrekke må bruke ein varmluftsomn for å tine fram hyttetomta på Vassenden.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi hadde fått vekk all snøen. Tint vekk alt. Men no er det kvitt igjen, fortalde Kristine Hjelmbrekke, der ho før helga trakka rundt på ei tom hyttetomt på Vassenden.

Kvar dag Hjelmbrekke vaknar til snø og kulde, mistar ho nemleg både pengar og nødvendig tid.

Brukar litervis med diesel

Kristine Hjelmbrekke

PROBLEM: For Kristine Hjelmbrekke har den seinare våren blitt eit problem.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

På Jølstraholmen skal dei ha fire flunkande nye hytter klare til sommaren. Men snø og frost i jorda gjer at dei ikkje kjem i gang.

Hjelmbrekke brukar difor 500 kroner dagen på diesel til ein stor varmluftsomn som skal tine både snø og tele. Arbeid som vårsola eigentleg skulle ha gjort gratis.

– Det går ikkje an å støype når det er snøen. Om ikkje all snøen er vekke før vi startar kan vi risikerer at grunnmuren blir skeiv, seier ho fortvila.

Må ha hjelp av denne for å tine fram hyttetomt

NAUDHJELP: Denne varmluftsovnen må gjere jobben sola og vårvarmen helst skulle gjort i staden.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Har fullbooka hyttene allereie

Hyttene vert levert om dryge to veker. Innan då må grunnmuren vere både støypt og tørka. For dette treng Hjelmbrekke mildvêr og vår.

– Viss det begynner å regne, så er det topp. Det er nesten ikkje lov å seie i Jølster, men akkurat no håpar vi faktisk på det!

Hjelmbrekke har inga tid å miste. Dei treng seks veker på å setje opp hyttene. Ikkje ein dag mindre. For frå juli av, då er alle hyttene leigd ut.

– Om vi ikkje kjem i gang når vi har planlagt, så lyt vi starte å ringe rundt til andre for å plassere folk vekk. Og det har vi ikkje lyst til.