Hopp til innhold

Ville lage fire nye tomter, men vegkrav velta heile prosjektet

Utbyggjar Vidar Haugland fortvilar over at private aktørar må betale offentlege vegar når dei vil leggje til rette for byggjeprosjekt.

Vidar Haugland

LEI: Vidar Haugland er frustrert over kravet om å lage trafikkøy for å løyse ut fire tomter.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– At ein privat aktør skal bli pålagd å lage ei trafikkøy i ein offentleg veg, er ikkje rett, seier Haugland.

Då Haugland ville lage til fire nye tomter på eit eksisterande bustadfelt på Haugen i Eid kommune, fekk han beskjed om at dette løyste ut krav til ei trafikkøy ved utkøyringa til riksvegen.

NRK har tidlegare fortalt at krav om nye vegar kan stikke kjeppar i hjula for bustadutbygging i tettbygde strøk. Men også i mindre bygder kan dette skape problem.

Vart for dyrt

Haugland fortel at alle dei fire tomtene hadde kjøparar, men at kostnadane vart for store då han fekk krav om bygging av trafikkøy og at prosjektet difor måtte skrinleggast.

– Der er rundt 35 bueiningar i dag, og sidan det her var snakk om berre fire bueiningar, vart det for store kostnadar til utføre utbygginga. Eg klaga, men fekk avslag, og då måtte eg berre avbryte prosjektet, seier Haugland.

Det er Statens vegvesen som ut ifrå vegnormalen avgjer kva infrastruktur som er naudsynt når byggefelt skal inn til fylkes- eller riksvegar.

Medan det er kommunane som avgjer kva infrastruktur som er nødvendig på kommunale vegar. I tettstadar som Førde har denne typen krav ført til manglande utbygging og prisauke på bustader.

Haugen

TRAFIKKØY: Her vil Statens vegvesen at Vidar Haugland skal finansiere trafikkøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Må prioritere trafikktryggleiken

Seksjonsleiar for plan og forvaltning ved Sogn og Fjordane vegavdeling, Vigdis Lobenz, skjønnar at denne type krav kan vere problematiske for utbyggarar.

Men fortel at trafikktryggleik må kome først.

– Eg skjønnar at det kan vere problematisk, og at det av og til er tua som veltar lasset. Men vi er svært opptekne av at trafikktryggleiken er god nok, seier Lobenz.

Haugland fortel at det er vanskeleg for ein privat aktør å legge pengar i eit prosjekt for så å bli møtt med krav om måtte utbetre offentlege vegar.

Går kjappast å dekke det sjølv

Han meiner det offentlege bør bidra til slike prosjekt.

– Det er feil at ein privat aktør som har initiativ og ønskjer å skape utvikling vert pålagd å ta den kostnaden. Nokon andre bør ta den og utvide det som må til på vegen, seier Haugland.

Lobenz fortel at Statens vegvesen i nokre tilfelle kan dekke infrastruktur tilknytt bustadutbygging, men at det raskaste og beste er om utbyggarar og kommunar kan dekke dette sjølv.

– Det hender at vi har nokre små trafikktryggingstiltak på tilkomstvegar og i kryss. Men ofte må det då vente i mange år. Det beste og det raskaste er dersom utbyggjar eller kommunar tek dei utgiftene, seier Lobenz.