Hopp til innhold

Vilde og Anna spelt over tre millionar gonger

NORDFJORDEID (NRK): Låten Vestlandet har hatt over tre millionar avspelingar på nettet. No skal Eid på ny representerast i Melodi Grand Prix Junior.

Anna Hjelle, Vilde Naustdal og Oselie Henden

VENNINNER: Til hausten er det Oselie Henden (t.h) sin tur til å delta i MGP Junior. Anna Naustdal og Vilde Hjelle har mykje erfaring som dei kan dele med venninna.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Vilde og Anna frå Eid tok heile landet med storm då dei i fjor gjekk av med sigeren i finalen i Melodi Grand Prix junior.

Låten Vestlandet har fleire millionar avspelingar på nettet. 1,1 millionar gonger på Youtube og 2,2 millionar på Spotify, til saman 3,3 millionar gonger dei siste åtte månadene.

– Eg hadde eigentleg ikkje trudd det at det var så mange folk som hadde klikka seg inn og høyrt på. Det var veldig, veldig kult. Vi set jo veldig pris på det at den trefte så mange og at folk høyrer på det så mange gongar, seier Vilde.

Venninna klar for MGP junior

No er ei ny jente frå Eid klar for årets Melodi Grand Prix junior. Oselie Henden, venninna til Vilde og Anna, er ein av ti finalistar som vart plukka ut av dei 1255 innsende bidraga.

– Eg blei eigentleg litt overraska for eg hadde ikkje trudd at det var så stor sjanse for meg å komme med, sida Vilde og Anna vann i fjor, seier Oselie.

Oselie skal delta med songen Verda Vår, som ho har skrive om flyktningkrisa.

– Den handlar vi må ta vare på dei som kjem. Eg skreiv den på grunn av bestevennen min som var flyktning frå Eritrea, fortel Oselie.

Når Oselie reiser til Oslo tek ho med seg ein heiagjeng på 500 eidarar. I tillegg til to gode venninner som kan gi nokre gode tips om MGP-sirkuset.

– Du må huske å nyte det, for det går veldig fort, er Anna sitt råd til Oselie.

Vilde Hjelle, Oselie Henden og Anna Naustdal

KLAR FOR MGP: Når Oselie Henden dreg til Oslo for å delta i MGP Junior har ho med seg ein heiagjeng på 500 personar frå Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Konsertsommar

Vilde og Anna på si side går ein hektisk sommar i møte. Dei skal mellom anna synge på Allsang på Grensen og Malakoff. Dei fekk så mange tilbod om å opptre at dei ikkje kunne takke ja til alle saman.

– Det blir ganske masse dersom vi skal seie ja til alt, vi har litt lyst til å ha litt fri og vere med vener og ha eit vanleg liv. Men det er veldig kjekt å opptre då, seier Anna.