Hopp til innhold

Vil utvide kraftlinje i UNESCO-område

Statnett ønskjer å bygge 55 kilometer med nye kraftlinjer mellom Aurland og Sogndal.

Kraftlinja Fardal - Ørskog

OPPGRADERER: 55 kilometer med kraftleidning mellom Aurland og Sogndal skal oppgraderast for å kunne frakte meir straum.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Om vi ikkje oppgraderer linja vert Sognefjorden ein flaskehals, seier prosjektleiar Tor Morten Sneve.

Dagens linjenett er frå 1970-talet og med for liten kapasitet til å transportere ny, planlagd kraftproduksjon ut av fylket. Nye analysar viser at prosjektet likevel er samfunnsøkonomisk lønsamt.

Verna område

Ni kilometer av dagens linje går gjennom UNESCO-verna område. Men den nye kraftlinja vil ikkje skilje seg mykje frå dagens linjenett.

Tor Morten Sneve i Statnett

NY KRAFTLINE: Tor Morten Sneve er prosjektleiar i Statnett.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Planen er at vi på det meste av strekka skal bygge ei ny leidning nokre 10-tals meter frå den gamla lina. Så skal vi rive den leidningen som er der i dag. Ryddebeltet for den nye lina vert det same som for den gamle. Mastedesignet er litt ulikt, men det vil stå fram som svært likt for lekmenn, seier Sneve

– Vert dei nye linene større?

– Nei, dei er om lag like store.

55 kilometer med ny line

Det er 330-kilovolt linja mellom Sogndal og Aurland, på til saman 55 kilometer Statnett no søkjer om konsesjon til å oppgradere. Prosjektet vil koste mellom 500 og 900 millionar kroner og Statnett har som mål å ha leidningen i drift i løpet av 2023.

– Det er store interesse for dette i kommunane som vert råka av dette. Ikkje minst er det ein del grunneigarar som vert råka og som må gi informasjon om prosjektet. Sit vi gav ut informasjon om prosjektet var før jul i fjor, då sa vi at vi ville kome med ei ny melding om prosjektet i løpet av første halvår i 2018, og det er det vi no gjer med eit naudskrik, seier Sneve.