Hopp til innhold

Vil straffe gruveaksjonistane

FØRDE (NRK): Påtalemakta vil straffe aksjonistane på Engebøfjellet ved Førdefjorden med 24 000 kroner kvar i bøter. Om dei framleis ikkje vil betale bøtene vart det fremja eit forslag om 48 dagar i fengsel.

Tiltalebenken i fjordane tingrett

PÅ TILTALEBENKEN: Ti aksjonistar har vore på tiltalebenken i Fjordane tingrett dei siste to dagane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er viktig med ein streng straff i denne saka, særleg fordi det er mange som har varsla at dei er klare for nye aksjonar, seier aktor Erling Melvær.

Ti unge aksjonistar har stått på tiltalebenken dei siste to dagane, skulda for å forstyrre gruveselskapet Nordic Mining i sitt arbeid, og for å ikkje ha gjort som politiet bad dei om.

Aksjonistane hadde frå før nekta å betale eit førelegg på 10 000 kroner kvar. I retten i dag argumenterte forsvararen deira både for at bøtene var alt for høge, og for at dei tiltale uansett burde frikjennast.

Les også: Viser lite forståing for protestane

– Dette er ikkje noko dei har gjort for eiga vinning, men for eit samvitsspørsmål. Då meiner eg at full frikjenning er det rette, sa forsvarar Randi Spydevold.

Erling Melvær i retten

TRUR PÅ STRAFF: Erling Melvær trur retten kjem til å lande på at aksjonistane skal straffast.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Ein demokratisk plikt

Hovudargumentet hennar var at aksjonistane ikkje hadde noko anna val enn å bryte inn, fordi engebøprosjektet vil få så store miljøkonsekvensar. For å styrke det argumentet hadde ho kalla inn fleire vitne som argumenterte for at ei løysing med eit fjorddeponi er ein dårleg ide.

Agnar Kvellestad

KRITISK: Agnar Kvelelstad er kritisk til engebøprosjektet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Skadeverknadane av fjorddeponiet har konsekvent vorte bagatellisert. Politikarar og folk flest har vorte førte bak lyset. Det sa forskar Agnar Kvellestad ved NMBU då han vitna i retten i dag.

Les også: Engebødemonstrantar nektar straffskuld

Også ein forskar frå havforskingsinstituttet var kalla inn for å forklare kvifor dei er negative til prosjektet.

– Vi er heilt klåre på at dette ikkje er eit berekraftig prosjekt, og vi er svært bekymra for mellom anna at spreiinga av finstoff vil vere mykje større enn det som kjem fram av konsekvensutgreiinga. Vi meiner det er veldig sannsynleg at det vil skje, sa Terje Van der Meeren då han vitna.

Natur og ungdom på Engebøfjellet

DEMONSTRERTE: Til saman 86 personar fekk eit førelegg av politiet for å ha aksjonert på Engebøfjellet. 70 av dei nekta å betale.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lokalpolitikar var vitne

Lokalpolitikar for SV Ole Erik Thingnes frå Vevring var kalla inn som vitne for å forklare sin motstand mot deponiplanane.

– Det var nesten ikkje noko skikkeleg politisk debatt i kommunestyret, alt gjekk veldig fort og var overflatisk. Dei negative konsekvensane har vorte underkommuniserte heile vegen, og kommunepolitikarane har late seg rive med, sa han då han vitna.

Aktor kalla inn direktør i Nordic Mining Ivar Fossum og operasjonsleiar i politiet Gunnar Englund som vitne. Dei gjorde fyrst og fremst greie for kva som faktisk skjedde under aksjonane på Engebøfjellet.

Aktor Erling Melvær kjenner seg trygg på at det ikkje blir frikjenning.

– Dei har ikkje følgt spelereglane i rettsstaten vår, og det ville vore oppsiktsvekkjande om dei hadde kome unna med det.

No skal dommarane nytte dei neste dagane på å kome fram til ein dom.